Hopp til innhold

Dette er dei sakna og omkomne

Politiet har no frigitt namna på dei sakna og omkomne.

Båtulykke Haram
Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Sunnmøre politidistrikt frigjorde laurdag namna på dei sakna og personen som er bekrefta omkomne etter båtulykka ved Lepsøyrevet.

Ein person er ifølgje politiet bekrefta omkomen. Dette er Janne Elise Jørgensen, 37 år, busett i Longva i Haram.

Følgjande har status som sakna etter ulykka

  • Holger Andrè Flåten Løkka, 17 år, busett i Ålesund
  • Bjørn Leif Flem, 40 år, busett i Longva i Haram

Politiet bekreftar at det er to omkomne, men at den eine framleis ikkje er identifisert.


Tre skadde

Video Søket etter båtforlis ved Haram avsluttet lørdag kveld

VIDEO: Søket etter ulukka fortsett på søndag.

Det var totalt seks personar om bord i båten som gjekk frå Ålesund i retning Nordøyane fredag kveld.

Helse Møre og Romsdal opplyser at tilstanden til dei skadde er slik:

  • Ung kvinne med lettare skader er ferdig behandla.
  • Mann (fødd 1977) innlagt med lettare skader.
  • Kvinne (fødd 1984) innlagt med alvorlege skader i mage og ansikt. Tilstanden er stabil.

Alle dei involverte i ulykka er frå Ålesund og Haram.

Søk etter dødsulykke Haram

Det har vore gjort omfattande søk i sjøen ved Haram heile laurdag.

Foto: NRK