Hopp til innhold

Dette bør du gjere før stormen kjem

Det kan koste deg dyrt å ikkje ta inn hagemøblane eller gløyme å feste båten skikkeleg når det bles opp til storm.

Rolf Hansen rydder inn blomsterkrukker før høststormen

Rolf Hansen ryddar vekk blomsterkrukkene saman med barnebarnet før det blir storm til helga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Til helga kjem årets første ordentlege hauststorm. Enkelte stader kjenner ein allereie at vinden bit godt i kinna, men konsekvensane kan bli så mykje verre viss du ikkje tek eit par forholdsreglar før ruskevêret kjem.

Nesten kvart år blir vi ramma av kraftige stormar som bles taksteinen frå taket eller tettar sluk utandørs.

Sett lause gjenstandar i le

Viss du brukar litt tid på å førebu deg kan du sleppe desse skadane. Rolf Hansen er ein av dei som har starta med ryddinga allereie.

Han bur i eit mørkebrunt hus nede ved sjøen i Breivika i Ålesund. Huset hans er omgitt fleire titals blomsterkrukker, og dei må vekk før det stormar innover sunnmørskysten.

– Eg må få unna alle dei lette plastmøblane og blomsterkrukkene som står rundt huset, fortel Hansen.

Lita tue kan velte stort lass

Toralf Rutledal

Toralf Rutledal i Tryg seier at det er viktig å vere budd på stormen.

Foto: Paul Bernhard

Enkelte skadar kan ein styre unna ved å halde eigendommen sin ved like gjennom heile året. Pressetalsmann Toralf Rutledal i Tryg meiner at ekstrem liten innsats kan spare deg ein ekstrem stor kostnad.

– Viss eit sluk blir tett av lauv og barnåler står du plutseleg me ein kjellar full av vatn, seier Rutledal.

Når den møblerte kjellarstova di er full av vatn er det berre å ta fram kalkulatoren. Det kan bli dyrt. Ifølgje Rutledal kan det ta minst fem veker å fikse ein oversumt kjellar.

Dette bør du huske på

  1. Lause gjenstandar kan skape farlege situasjonar. Spesielt farleg er hagemøblar, leikehytter og trampolinar.
  2. Bygg under oppføring eller ombygging bør vere sikra.
  3. Vêr obs på at lette konstruksjonar som for eksempel leveggar, uthus, garasjar med open port, naust og båtar er spesielt utsett.
  4. Vindauge og dører som kan stå i fare for å knuse kan du dekke til med kryssfinerplater.
  5. Hald deg oppdatert på nyheitene og vêrvarselet.
  6. Hald deg innandørs når det stormar som verst. Bekrens

Viktig å handle raskt

Rolf Hansen sjekker takrenna før hauststormen kjem

Hansen har allereie reinska takrenna for lauv.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Viss ulukka er ute likevel er det viktig at du sikrar skaden slik at den ikkje blir forverra. Rutledal fortel at ein ikkje må gi opp sjølv om det ser ille ut.

– Rask innsats kan berge mykje. Ta ut møblar og elektronikk frå den oversvømte kjellaren. Det er ikkje sikkert at alt er øydelagt, seier han.

Rolf Hansen rydder inn blomsterkrukker før høststormen

Live (6) var svært ivrig då ho hjelpte bestefaren med ryddinga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I 2013 var den samla erstatningssummen for stomskadar i Norge på 553 millionar kroner. Så langt i 2014 er erstatningssummen 160 millionar kroner.

Flygande trampolinar

Saksbehandlarane i Tryg har Dagmar friskt i minne. Ekstremvêret som slo innover Noreg i romjula 2011 gav selskapet mykje jobb. Og to og eit halvt år seinare er dei framleis ikkje ferdige med desse sakene.

– Det beste tipset vårt er å ta ein runde rundt huset når stormvarselet kjem, for å sikre eller ta inn alt som kan tenkast å bli tatt av vinden.

Flygande trampolinar er ein gjengangar for forsikringsselskapet, og dei kan forårsake brutale skader om dei først flyg av garde.

Ønskjer stormen velkomen

Rolf Hansen har også sjekka båten før stormen kjem

Hansen har og sjekka at båten hans ligg skikkeleg til før uvêret i helga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Bak huset har Hansen ein liten krok som står i le for vinden, og der passar det godt for blomane å stå fram til frosten kjem. Møblane ber han i garasjen, slik at dei er like fine til neste finevêrsdag.

Takrenna har han allereie reinska, og han har sikra seg at kjellaren ikkje blir oversumt når ruskevêret herja.

– No kan stormen berre kome, seier han med god samvit for at han har fått alle lause gjenstandar på plass.