Styret sa ja til eit felles sjukehus

Styret i Helse Møre og Romsdal seier ja til eit felles bynært akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Kvar dette skal ligge, kva det skal innehalde og når det skal byggjast er ikkje bestemt.

Kvalshaug og Eidsvik

John Harry Kvalshaug og Astrid Eidsvik var svært samde under styremøtet.

Foto: Remi Sagen / NRK
Styret i Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal gjorde i dag eit historisk vedtak.

Foto: Remi Sagen / NRK

Eit samrøystes styre gjekk inn for å byggje eit nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Dette er nærast eit historisk vedtak etter fleire år med sjukehusstrid mellom Molde og Kristiansund.

Det vart ikkje bestemt kvar sjukehuset skal ligge, berre at det skal vere på aksen frå og med Hjelset til og med søre del av Frei. Leiinga fekk honnør for sitt arbeid som har pågått sidan i fjor sommar.

Hadde vore umogleg før

Styreleiar John Harry Kvalshaug seier at dette vedtaket hadde vore umogleg for tre- fire år sidan:

– I dag var det tentamen, i morgon når Helse Midt skal handsame saka er det eksamen. Å kome med forslag til vedtak hadde ikkje vore mogleg for tre-fire år sidan. Ikkje blant befolkninga og ikkje i mitt hovud heller, seier Kvalshaug.

LES OGSÅ:

Plasseringa ikkje bestemt

Han meiner at den vidare prosessen er tufta på eit ord: utålmodigheit. Andre ord ein må få svar på er kvar, kva og når.

– Kvar sjukehuset skal plasserast må avklarast i ein prosess. Eg er glad for at fylkeskommunen vil vere ein medhjelpar og pådrivar. Eg forventar at dei tar same rolle som dei hadde når Ormen Lange vart bygt ut, seier Kvalshaug.

Samle tenestene

Det må også bestemmast kva slags sjukehus som skal byggast. Om det skal vere eit akuttsjukehus med polikliniske tenester som ligg andre stader eller eit sjukehus der alle tenester er samla. Styreleiar Kvalshaug meiner styret må ha ambisjonar.

–Vi skal samle det vi må og spre det vi kan. Vi må ta tilbake den delen av pasientstraumen som går til andre føretak. Det har med økonomi å gjere og at pasientane får kortast veg, seier Kvalshaug.

100 vart høyrt

Det har kome inn 100 høyringsuttalingar. Det ligg mykje arbeid bak og kan nesten reknast som eit kvantesprang i sjukehusbygging i Møre og Romsdal.

Astrid Eidsvik seier at alle innspela har blitt vekta, og dei fleste seier at dei ynskjer eitt felles sjukehus. Det er viktig å bygge på fagmiljøa ved begge sjukehusa og at det nye sjukehuset må byggjast bynært for å sikre rekruttering.

– Det skal ikkje vere nokon tvil om at det nye sjukehuset skal vere eit fullverdig akuttsjukehus, seier Eidsvik.

Skifta meining

Hovudtillitsvald Knut Ivar Egset ved sjukehuset i Molde seier at han har vore med i prosessen i 10 år og har skifta meining undervegs.

– Eg har støtt meint at to sjukehus har vore det beste. Eg har innsett at eg er ganske åleine om å hevde det. Det er heller inga skam å snu. Men skal vi bygge eit felles betyr ikkje det eit strippa sjukehus, seier Egset.

Han meiner at det nye sjukehuset må vere så godt drive at pasientane frå alle stader ynskjer å bruke det og at dei får søkjarar på stillingane.

– Vi må vite at vi gjer det rette. Eg vil gå for forslaget, men vil aldri gå med på at dette vert eit lite sjukehus. Sjukehuset skal vere for alle i heile fylket sidan det er rfitt sjukehusval, seier Egset.

Tar lang tid

Fleire styremedlemmar var urolege fordi det ikkje vart teke ei avgjerd i tomtespørsmålet. Ein av dei er Svein Anders Grimstad. Han er også kommunelege i Sunndal.

– Eg kan ikkje fri meg frå å meine at vi skulle ha kome lenger i dag når det gjeld plassering av sjukehuset og det trur eg mange andre meiner. Eg trur mange hadde forventningar om at det skulle kome ei endeleg løysing, men det er komplisert. Eit-to-tre år er ekstremt lang tid, sa Grimstad i debatten.

Etter at Helse Midt seier sitt på styremøte fredag 14. desember, skal administrasjonen gå i gang med tidlegfaseplanlegging. Leiinga trur at tomteval og plassering vil ta halvanna til to år.

Plassering av felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal

Ein stad langs denne aksen skal det nye sjukehuset byggast.

Foto: NRK

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.