Hopp til innhold

Marius (31) søkte jobb i 10 år – så dukka Steinar opp

KRISTIANSUND (NRK): Marius Heitman måtte kjempe ein lang kamp for å få seg jobb. No er han veldig takksam for at nokon ville satse på han.

Marius Heitman

TAKKSAM: No er han tilsett ved Norsk Gjenvinning i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Eg prøvde verkeleg alt mogleg. Søkte på jobbar, maste på Nav, sende meldingar. Eg prøvde til og med å bruke Facebook i håp om at nokon ville gi meg ein sjanse, det var vanskeleg, seier han.

31 åringen frå Kristiansund har aldri visst korleis det er å høyre. Trass i dette, trudde han ikkje det skulle sette ein stoppar for han når han skulle ut i arbeidslivet.

I ti år kjempa han for å få seg jobb, men utfordringane har stått i kø. Utdanning har han frå mekanisk linje på Kristiansund Vidaregåande, og han har tatt lastebillappen.

Eg måtte kjempe hardt, det var ein lang veg, seier Marius Heitman.

Så valde Steinar Angvik, sjef på Norsk Gjenvinning i Kristiansund, å gi Marius ein sjanse.

Var veldig skeptisk

– Eg var veldig skeptisk i starten til å tilsette ein som var døv, det gjekk eit par rundar før eg bestemde meg, seier Steinar.

Marius Heitman og Steinar Angvik

ANGRAR IKKJE: Steinar Angvik var skeptisk til å tilsette ein som er døv, men angar ikkje på valet han tok, tvert i mot.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Eg måtte gå litt inn i meg sjølv, men så tenkte eg dette kunne like så godt vore min eigen son, så eg måtte gi han ein sjanse.

Og det har han ikkje angra på, til dagleg merkar dei ikkje så mykje til at Marius ikkje høyrer. Når dei skal ha møter og liknande legg dei til rette slik han også får med seg kva som skjer.

Mange i same situasjon

Noregs døveforbund seier dei får mange førespurnader frå personar som opplev at dei ikkje får jobb, på grunn av at dei er høyrselshemma.

– Vi opplever at arbeidsgivarar tenker det er mykje ekstraarbeid om ein skal tilsette ein som er døv, seier Petter Noddeland som er generalsekretær i Noreg døveforbund.

Bilde av Petter Noddeland. Han har svart skjorte på seg, og kort, blondt hår og lyst skjegg.

MANGE SOM OPPLEV DET SAME: Petter Noddeland håpar fleire følgjer Steinar Angviks døme.

Foto: Norges Døveforbund

Dei har ikkje noko tal å vise til, men erfaringa frå døve som kontaktar forbundet er at mange er i same situasjon som Marius.

– Vår oppfatting er at ein tenker at døve ikkje kan ha direkte kommunikasjon, og trur dette vil vere tidkrevjande. I tillegg til at dei ikkje fungerer like godt som ein anna person, seier han.

Noddeland oppfordrar arbeidsgivarar til å opne auga litt meir.

– Dei som er døv har gjerne ekstra motivasjon til å gjere ein god jobb, for å bevise at dei klarer det, seier Noddeland.

Steinar Angvik er av same oppfatning.

– Marius er jo hundre prosent arbeidsfør, og han er veldig flink til å arbeide, kanskje meir motivert fordi han føler han må bevise han høyrer til her, seier han.

Ein godt bevart hemmelegheit

Nav seier mange trur det vil koste ekstra å tilsette nokon som til dømes er døv, men det stemmer ikkje.

– Vi legg til rette for at personar med ulik funksjonsnedsetting skal fungere i arbeidslivet, men ofte opplever vi at den kunnskapen vi sit med, ikkje blir brukt, seier rådgivar på Nav hjelpemiddelsentralen, Kristin Anholt.

Kristin Anholt rådgivar på høyrsel på Nav hjelpemiddelsentralen.

RÅDGIVAR: Nav hjelpemiddelsentralen opplev at den kunnskapen dei set med, ikkje blir brukt.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Dei kallar seg ein godt bevart hemmelegheit.

– Mange av våre eigne veit ikkje korleis vi kan legge til rette for den einskilde på ein arbeidsplass. Der må vi vere flinkare med informasjon, seier Anholt.

Som i Marius sitt tilfelle, vil Nav legge til rette for bruk av tolk på arbeidsplassen. Nav bidreg også med rettleiing og rådgiving til arbeidsgivar.

Kollegaene på Norsk Gjenvinning kommuniserer med Marius via meldingar eller lappar. Nokre har også byrja å lære seg teiknespråk.

– Takk for at du torde å satse på meg

For Marius Heitman har det å endeleg få seg jobb vore ein stor siger.

– Eg trivst utruleg godt på jobb, eg er så takknemleg for at eg fekk denne moglegheita.

Marius Heitman

SORTERER: Marius sorterer det som kjem inn av avfall på Norsk Gjenvinning. Så køyrer han også last vidare til andre aktørar.

Foto: Anne-Mari Flatset

– Tusen takk til Steinar som tør å ta i mot meg å gi meg ein sjanse sjølv om eg er døv, det er eg veldig glad for, seier Marius til slutt.