NRK Meny
Normal

Størst gjennom tidene

Det som truleg er det største offshorefartøyet hittil i Noreg kom søndag til Vard Brattvaag for utrusting og testing.

Solstads nye skip under slep til Brattvaag

Både ferja og slepebåtane blei små ved sidan av det nyaste Solstad-fartøyet.

Foto: Vard

Det som er heilt sikkert er at skipet blir det største i Solstad-flåten, og det er også det største fartøyet som er bygd hos Vard.

Skroget som i går kom til Haram er om lag 180 meter langt, er 33 meter breitt og har eit arbeidsdekk på om lag 2500 m².

Høg aktivitet

Konstruksjonsfartøyet er utvikla av Vard Design i Ålesund. Skroget er levert frå Vard sitt verft i Romania. No ventar utrusting og testing ved Vard Brattvaag. Ifølgje kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll inneber dette høg aktivitet ved verftet fram til skipet blir overlevert til Solstad sommaren 2016.

Dette skroget inneber mykje arbeid fram til sommaren

Her ligg mykje arbeid fram til sommaren 2016.

Foto: Vard

Skipet blir utstyrt med eit leggesystem på 550 tonn, som gjer det muleg å installere røyr under krevande forhold og på store havdjup. Skipet får og store kraner som blir brukte til dømes under lagring av røyr og kablar.