Kva ser du i Volda sitt nye kommunevåpen?

Då Therese Utgård såg det nye kommunevåpenet, gjekk tankane hennar til noko heilt anna. Ho er ikkje aleine.

Volda kommune sitte kommunevåpen.

SPLITTA SYN: Det nye kommunevåpenet til det som var kommunane Volda og Hornindal viser ein pennesplitt kransa av to ljåblad. Eventuelt noko heilt anna, om ein skal tru dei som har valt å sjå meir kreativt på våpenet.

Foto: Volda kommune

Det var onsdag denne veka at Therese Utgård frå Sykkylven på Sunnmøre delte eit innlegg på Twitter der ho peiker på likskapen mellom det nye kommunevåpenet til Volda og, vel ... det kvinnelege kjønnsorganet.

Laster Twitter-innhold

Utgård, som sjølv er lege, skriv:

«Med all respekt. kva er det dei samanslåtte kommunane har tenkt på med dette nye kommunevåpenet? Kan vere ein yrkesskade, men synest det liknar noko _heilt_ anna..!»

Utgård fortel at ho blei gjort merksam på innlegget på ei kvinnegruppe på Facebook. Ho fortel at det var mange som synest kommunevåpenet likna på noko heilt anna.

– Eg synest det er morosamt korleis ein kan tolke ting ulikt og at det er fleire som har sett det same som meg, seier ho lattermild.

Det var Dagbladet som først omtalte innlegget.

Ser forskjellige ting

Tale Maria Krohn Engvik, mest kjent som «Helsesista» er ein av dei som har kommentert innlegget. Ho er også frå Sunnmøre og blant dei som har seg more av utforminga av kommunevåpenet.

Laster Twitter-innhold

Dei to kommunane Volda og Hornindal slo seg saman frå januar 2020. Det nye kommunevåpenet har tatt utgangspunkt i dei to eksisterande kommunevåpena til Hornindal og Volda kommune, der pennesplitten blir kransa av to ljåblad.

Therese Utgård

UNDERLIVLEG: Therese Utgård synest kommunevåpenet til Volda kommune likna på noko heilt anna enn det skulle førestille.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Kombinasjonen av ljå og pennesplitt fører også vidare noko av den positive identiteten til både Hornindal og Volda inn i nye Volda, står det i innstillinga til nytt kommunevåpen.

Utgård fortel at det er mange som har sett det humoristiske i innlegget, men at mange også har spurt kva motivet på kommunevåpenet er.

– Det er fleire eg har måtte forklart kva det skal førestille. Mange på Sunnmøre skjønar kva det skal vere, men mange frå Austlandet har ikkje sett kva det er.

Blanda reaksjonar

Det har også tidlegare blitt diskusjon rundt det nye kommunevåpenet. Då det blei vedtatt i april 2018, skreiv lokalavisa Møre-Nytt at vittige røyster skal meint at det var ei kvinne sine edle delar som ljåblada passa på.

Då avisa bad lesarane sine om å vurdere forslaget til kommunevåpenet i 2017 var det også nokre som reagerte på motivet. Medan mange var positive, fekk dei også inn kommentarar som «Heraldisk porno» og «Dama med ljåen».

– Eit godt kommunevåpen

Ordførar i Volda kommune, Sølvi Dimmen (Sp) seier ho har fått med seg spøkane rundt det nye kommunevåpenet.

Sølvi Dimmen

HUMRAR: – Vi ser forskjellige ting i det meste, seier ordførar Sølvi Dimmen i Volda kommune. Volda og Hornindal slo seg saman 1. januar 2020.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er kjekt at folk har det morosamt. Vi ser forskjellige ting i det meste. Våpenet er gode symbol for Volda og Hornindal. Ein pennesplitt ser ut som den gjer, og så kan folk assosiere og ha det morosamt, seier ho.

Dimmen meiner at det har vore gjort eit godt arbeid for å finne eit godt kommunevåpen som både Hornindal og Volda kan kjenne seg igjen i.

– Eg ser dette som positiv merksemd. Det går også an å seie at både ljåane og pennesplitten er fruktbare nok i seg sjølv. Vi har eit landbruk i fremste klasse og Volda er studiebygda med stor A, seier Dimmen.

Reklame for kommunen

Også Therese Utgård meiner at innlegget kan bidra til å skape blest om kommunen. Ho vektlegg at ho synest det er eit fint kommunevåpen. Ho synest det er bra at ein kan ha glimt i auget og at det er plass til humoristiske nyheiter blant alle dei triste nyheitene i verda.

– Om ein skal sjå det humoristiske i kommunereforma, så er det litt morosamt at eit kommunevåpen også kan få slike utslag, seier ho.