Hopp til innhold

Det klikkar for Aalesund

Berre tre norske fotballklubbar har meir besøk på nettsidene sine enn AaFK. Og det blir det pengar av...

AaFK jubler sammen med supporterne
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Når det gjeld talet på unike nettsidebrukarar, kjem Aalesund på fjerdeplass i veke 1 i 2009. Det viser målinga til TNS Gallup. Rosenborg toppar lista, følgt av Brann og Vålerenga.

Målt etter talet på sidevisingar er Aalesund nummer to etter Vålerenga. Og når nokon klikkar seg inn på nettsida, kjem det også pengar i klubbkassa.

Nettbesøk gir inntekter

Etter den nye medieavtalen er det sett av ein "digital pott" på 10 prosent av mediepengane som skal fordelast på klubbane. 81 prosent av potten går til eliteserien, 19 prosent til 1. divisjon. Av denne digitale potten er det så 80 prosent som blir fordelt på grunnlag av nett-trafikken til klubbane sine heimesider.

Speakers Corner

Den store klikksankaren er først og fremst diskusjonsforumet Speakers Corner med sine saklege og mindre saklege innspel og utspel om alt som gjeld klubben. - Men vi satsar også elles på at heimesida vår skal gje interessant informasjon og skape interesse og blest omkring oss, seier klubbdirektør Henrik Hoff til NRK.

Henrik Hoff

Henrik Hoff

Foto: Odd Sørås / NRK

- Av og til når det har vore mange useriøse innlegg, har vi nok vurdert framtida til Speakers Corner. No viser det seg at det har vore rett å satse på dette forumet, seier Hoff. Men det er førebels vanskeleg å seie noko om kor viktig nettsida kan bli økonomisk. Iallfall satsar AaFK det dei kan på nettsida ut frå dei ressursane dei har. - Vi er bevisste på at nettsida skal vere levande og enkel å bruke, seier Henrik Hoff.

Her finn du den populære heimesida til AaFK .

Få besøkjer Molde

Målingane i veke 1 viser at RBK-sida hadde 4671 unike brukarar. Brann hadde 3898, VIF 3541 og AaFK 2130. Stabæk på femteplass hadde 1127. Først på tjuandeplassen på lista kjem Moldes heimeside med 301 unike brukarar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL