NRK Meny
Normal

Det kjem truleg fleire akuttmottak i Møre og Romsdal

UDI jobbar på spreng for å få på plass akuttinnkvartering for flyktningar. Nokre av mottaka kjem til Møre og Romsdal, trur regiondirektør Rune Vordahl.

Asylsøkere på Atlanten turistsenter

Atlanten turistsenter i Kristiansund er alt blitt gjort om til asylmottak. Og mange fleire andre stader står for tur.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er hektiske dagar for UDI. Kvar einaste dag kjem det flyktningar til Noreg, som treng ein stad å bu. Kommunane vert oppmoda om å etablere mottak, der dei sjølve står for drifta. Det trengst både akuttmottak og ordinære mottak.

– Ei varm seng og mat er krava til eit akuttmottak, seier regiondirektør Rune Vordahl.

Så lenge sanitærforholda er bra, og det er moglegheit for å servere mat, er alle lokale av interesse for UDI. Tysdag vart det kjent at idrettshallen Sparebanken Møre Arena i Ålesund kan bli akuttmottak for 500 personar. I dag signerte UDI avtale om akuttmottak for 180 personar med private aktørar i Herøy.

Sparebanken Møre Arena

Sparebanken Møre Arena er eitt av bygga som kan bli akuttmottak for asylsøkjarar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Det kjem fleire

Vordahl trur det kjem fleire slike akuttinnkvarteringar i Møre og Romsdal i næraste framtid.

– Det beste er om kommunane har høve til å drive ordinære mottak eller bidra til at vi får det på plass, men samstundes må vi tenke akutt innkvartering, seier Vordahl.

I Møre og Romsdal og dei to trøndelagsfylka er det behov for asylmottak til mellom 3000 og 4000 personar. For dei som vil starte asylmottak er fristen med å sende inn tilbodet til UDI sett til 11. desember.

– Mange har meldt si interesse, seier Vordahl.

Kort varsel

Kommunar i heile landet er i same situasjon. Ingen av dei veit om dei må ta imot asylantar på kort varsel. I Molde kommune har dei laga beredskapsplanar så langt det går.

– Vi har fått klare signal frå UDI om at det kan skje med veldig kort frist. Grunnbemanninga har vi lagt og så må vi bygge vidare på det alt etter kva grupper som kjem, seier ordførar Torgeir Dahl.

Kommunen har også gjort ei kartlegging av eigne eigedomar og bygningar som ligg ute på den private marknaden.

Christineborg

Onsdag blei det klart at Christineborg på Runde i Herøy skal bli asylmottak.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Vil tenke langsiktig

Ordføraren er klar på at dei helst vil ha flyktningar som dei kan busette på lengre sikt. Kommunen har tidlegare fått pris for å vere best på busetting og integrering.

– Vi har ein god kompetanse på det området og vi ønsker å tenke langsiktig på dei som kjem til Molde. Dei skal finne seg til rette her og blir ein del av samfunnet, seier Dahl.

Kommunen har likevel lagt planar for at det kan kome mottak i Molde. Då har dei sagt at dei helst vil ha mindreårige asylsøkjarar.

Kommunane er uroa

Kommunane i Møre og Romsdal er uroa for om dei klarer å stille opp for flyktningane. Det seier regiondirektør i KS, Gunnar Bendixen.

– Utfordringa er at kommunane ikkje veit kva som kjem. Dei treng tid på å førebu seg. Sjølv om det ofte er private som driv mottaka skal kommunane tilby tenester som til dømes lege, barnehage og barnevern.

Alle kommunar har blitt bedt om å lage lister over eigna lokale og Fylkesmannen har fått forslag om 78 moglege lokale, som er vidaresendt til UDI.

Neste veke skal regjeringa ha ei møte med KS og ordførarane i dei største byane, der oppretting av akuttmottak tema.