Hopp til innhold

Det kjem til å ause ned

Frå torsdag ettermiddag er det venta så store nedbørsmengder at meteorologane har sendt ut OBS-varsel for sju fylke. NVE har sett flaumvarselet opp til gult nivå for fredag.

Storm frå vest. Storbåra bryt over Skansekaia i Ålesund

Det er venta eit skikkeleg ruskevêr i Møre og Romsdal dei komande døgna.

Foto: Terje Reite, NRK

For Møre og Romsdal sin del betyr det eit skikkeleg ruskevêr det komande døgnet og delar av laurdagen.

– Det er eit lågtrykk i anmarsj som vil gi mykje vind, nedbør og vanskeleg køyreforhold frå torsdag ettermiddag, seier statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke ved Vervarslinga på Vestlandet.

Periodevis full storm

Ida Marie Solbrekke

Statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke anbefaler bilistar som skal køyre over fjellet om å vere ekstra forsiktige.

Foto: Vervarslinga

Torsdag ettermiddag skal vinden auke til sørvest liten storm utsette stadar, og periodevis full storm på kysten. Solbrekke fortel at dei fleste vil merke uvêret godt på kroppen.

– Frå torsdag ettermiddag til og med fredag kveld er det også venta lokalt mykje nedbør. Det kan lokalt kome mellom 70–120 mm nedbør i løpet av 36 timar, mest på Sunnmøre, seier ho.

Statsmeteorologen fortel at uvêret vil føre til krevjande køyreforhold fleire stadar.

– Den sterke vinden kombinert med all nedbøren vil gi vanskelege køyreforhold i fjellet. I tillegg skal temperaturane i fjellet stige, noko som betyr nedbør i form av regn. Dermed blir det regn på snø og kjølig bakke, og stor fare for glatte vegar, seier Solbrekke som anbefaler bilistar som skal køyre over fjellet om å vere ekstra forsiktige.

OBS-varsel 25.11.15

INTENST: Kartet viser kvar det kjem til å kome mest regn.

Gult farenivå

NVE har sett flaumvarselet opp til gult nivå for fredag.

Norges vassdrags- og energidirektorat melder at det kraftige regnvêret kan føre til rask auke i vassføringa i elver og bekkar.