NRK Meny
Normal

Det kan bli stengde bruer

Vegvesenet følger spent med på vêr og vind den første desemberhelga. Det kan gå mot stenging av bruer i Møre og Romsdal.

Atlanterhavsvegen fredag

Vegvesenet følger vind og ver nøye denne helga. Dei vil ikkje nøle med å stenge bruer, om det skulle bli nødvendig.

Foto: Ellinor Draagen Vikås

Alt tyder på at det går mot ei skikkeleg uvêrshelg i Møre og Romsdal.

Meteorolog Geir Ottar Fagerlid seier at det blir svært mykje nedbør laurdag, og storm på kysten. Også søndag blir det ruskevêr med mykje nedbør og vind.

Geir Ottar Fagerlid

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ventar svært mykje nedbør i helga, og storm på kysten.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Vi kjem til å følge ekstra nøye med på vindutsette stader på kysten. Blir det skikkeleg ille må vi stenge enkelte bruer på kysten. Det seier prosjektleiar Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen. Han og kollegaene følger ekstra nøye med denne første desemberhelga.

– Sterk luftstraum

Etter ein forholdsvis roleg fredag vil det etter kvart danne seg eit svært kraftig lågtrykk ved Island. Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier dette vil sende ein sterk sørvestleg luftstraum inn mot Møre og Romsdal.

Det har vore ein del ras og stengde vegar i Møre og Romsdal den siste tida. Om det kjem mykje mildvêr og regn i høgda kan det kome nye ras. Men denne helga fryktar vegvesenet vinden aller mest.

Odd Einar Hjellen

– Vegvesenet følger nøye med, og har mange folk ute på vegane i helga, seier prosjektleiar Odd Einar Hjellen.

– Vi har mykje folk ute på vegane, og følger nøye med. Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen seier at det er bruene i ytre strøk som er verst utsette. Vegvesenet nøler ikkje med å stenge bruer om vêrsituasjonen tilseier det.

Håper det kan roe seg

Fredag ettermiddag er det ingen stengde vegar i Møre og Romsdal, bortsett frå dei vinterstengde strekningane.

Men ting snur seg ofte raskt. Vegvesenet håper at uvêret kan roe seg, så det kan gå mot rolegare tider og greie køyreforhold når julerushet set inn for fullt.

– Det er det beste for både oss og trafikantane, seier Hjellen, som ber folk følge godt med og ta det med ro om det skulle bli utfordrande episodar og situasjonar.

Uvêr i Møre og Romsdal

Vegvesenet fryktar vinden aller mest denne helga.

Foto: Jannicke Farstad / NRK