Hopp til innhold

Det kan bli færre vindturbinar på Smøla

Dersom Smøla vindpark skal fornyast, kan talet på vindturbinar bli færre. I kveld held Statkraft og Smøla kommune informasjonsmøte for innbyggjarane.

Vindmølleparken Smøla

Statkraft har vurdert framtida til vindparken. I kveld vert det informasjonsmøte for innbyggjarane på Smøla.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I 2002 vart Smøla vindpark opna, som den første i landet. Parken består av 68 turbinar og konsesjonen varer fram til 2025. Sjølve vindturbinane har ei levetid på berre 20 år. Dersom vindparken skal fornyast må dette skje innan seks år slik at ein får nytte seg av dei økonomiske støtteordningane.

Statkraft har vurdert framtida til vindparken og i dag inviterer dei til folkemøte.

– Det er for tidleg å konkludere om vindparken vert fornya. Det er ein lang prosess, seier informasjonssjef Torbjørn Steen i Statkraft.

LES OGSÅ:

Usikkert om det er lønsamt

Torbjørn Steen

Informasjonssjef Torbjørn Steen i Statkraft seier det er for tidleg å konkludere om vindparken skal fornyast.

Foto: Per Thrana / Statkraft

Aller først må Statkraft sende konsesjonssøknad som skal handsamast av NVE. Det er usikkert om det vil vere lønsamt å fornye parken, så det er også eit av momenta dei må ta stilling til dersom dei får konsesjon.

Sjølv om lite er på plass, vel Statkraft å involvere bygdefolket no.

– Lokale innspel frå Smølasamfunnet betyr mykje for utforminga av planer og vidare framdrift, seier Steen.

Færre turbinar

Dersom vindparken vert fornya vil det mest truleg bli færre vindturbinar, som er kraftigare. Teknologien dei siste åra har gjort vindturbinane meir effektive og dermed treng ein færre.

– Vi ser for oss at med dagens teknologi så vert det maksimalt 50 vindmøller, seier Steen.