Hopp til innhold

SFO kan bli dyrare i Molde

I Molde risikerer no mange foreldre å måtte velje eit dyrare SFO-tilbud ein dei har bruk for.

Illustrasjonsbilde SFO
Foto: bruno fava / PHOTOPQR/LA VOIX DU NORD

Frå hausten endrar Molde kommune skulefritidstilbodet og seier opp alle noverande avtalar om SFO.

Les også

-Det blir færre tilbod på grunn av økonomi og bemanning, seier spesialkonsulent i Molde kommune, Einar Hernborg.

Alle dei 10 skulane i Molde har skulefritidsordning og 763 barn nyttar tilbodet.

No må alle søkje på nytt, og mange risikerer også å måtte velje eit dyrare tilbod enn dei faktisk har behov for.

SFO er eit tilbod for alle born frå 1.-4. klasse og Herborg seier at sjølv om Molde kommune no endrar tilbodet, skal alle som søkjer, få plass.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL