Hopp til innhold

FHI seier det hastar med vaksinering, men på apoteket er dei straks tomme

Influensasesongen er i gang tidlegare enn før, og FHI fryktar tre ulike smittetoppar i jula.

Apoteker og farmasøyt Kristoffer Nygård står bak disken på apoteket sitt med ei øskje medisinar i handa. Han er høg, har svart hår og skjegg og ei kvit uniform på. Bak han ser vi reolar med medisinar og nokre kollegaar som arbeider

På apoteket i Ålesund er dei straks tomme for vaksinar, berre dagar før FHI spår at influensasesongen vil vere i full sving.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Influensavaksineringa hastar no.

Det skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i vekerapporten som kom torsdag.

Sesongen for feber, verk og sjukemeldingar kjem tidlegare enn før. I fleire fylke er smitteutbrottet allereie i gang.

Men i eitt av fylka som er særleg hardt råka, Møre og Romsdal, har dei fleire stader nesten ingen vaksinar att.

– Nei, 5–6 tippar eg, seier Kristoffer Nygård. Han er farmasøyt og apotekar på eit apotek i Ålesund.

Han fortel at det har vore eit betydeleg større trykk på vaksinering i år enn i fjor, og at det syner seg i dei straks tomme hyllene.

– Er det ikkje då fare for at folk som absolutt burde ha vaksinen ikkje får den?

– Det er absolutt ei fare for det, men eg trur at dei som er i risikogruppa har eit eige ansvar for å ta den vaksinen tidlegare og ikkje vente til siste slutt, seier han.

Ei influensavaksine står på eit bord. Bak ser vi den raude, kvite og blå øskja vaksina kom i. Sprøyta er lita og står rett opp og ned på bordet.

Kring 185.000 nordmenn har fått slike vaksinar på apotek hittil i sesongen, som berre so vidt er i gang. I heile fjor fekk 150.000 vaksinar på apoteka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fryktar tre epidemiar til jul

Både covid-19, influensa og RSV-infeksjonar er for tida på frammarsj, og FHI melder at det er mogleg at alle tre vert betydeleg større kring jul.

«Den samla belastinga på helsetenesta kan verte stor», skriv dei i vekerapporten.

Influensaen som allereie er her fryktar dei skal få konsekvensar for barn i risikogruppene, då ein svært låg del av desse er vaksinerte.

«Det er også framleis altfor låg dekning blant helsepersonell, eldre og andre risikogrupper», står det i rapporten.

Snødekte fortau. Vi ser føtene til ein person som går på snødekte fortau. I bakgrunnen ser vi fleire personar som går med boblejakker og handleposar. Det snør tett.

Influensasesongen plar starte kring jul, men ikkje ta av før over nyttår. I år er det annleis.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Færre vaksinerte totalt

Apoteka står eigentleg for ein liten del av den totale vaksineringa, då mykje skjer på legekontor og i regi av kommunane.

Minst 1,16 millionar nordmenn har teke influensavaksine denne sesongen. På same tid i fjor var det 1,2 millionar.

Det opplyser Kjersti Rydland, som leiar Folkehelseinstituttet sitt influensavaksinasjonsprogram.

– Vi ligg etter i fjor. Då var jo vaksinen gratis, og det merkar vi.

Kjersti Rydland, seniorrådgiver i FHI

Kjersti Rydland er seniorrådgjevar i FHI.

Foto: FHI

– Trur du det at ein må betale for seg i år kan ha spelt inn på den lågare vaksineringa?

– Ja, det er eg sikker på, seier Rydland.

Det er fri prissetting for å setje vaksinar. Nokre kommunar tek kring 150 kroner medan nokre apotek kan ta opp mot 400 for ei vaksine.

Også Are Stuwitz Berg, avdelingsdirektør for Smittevern og vaksinar ved FHI, meiner saka hadde vore ei annan om regjeringa hadde spandert vaksinane, slik dei gjorde i fjor.

– Alt vi har av kunnskap seier at lågast mogleg pris, og helst heilt gratis, aukar etterspurnaden.

Les også Over 189.000 har tatt influensavaksinen: – Er berre så vidt kommen i gang

Grethe Liavåg

Seier det ikkje vert vaksinemangel

Aldri før har so mange teke influensavaksine på apoteka. Det melder Apotek1, den største apotekkjeda i landet. Dei to andre store, som saman med Apotek1 kontrollerer nær 90 prosent av marknaden, Boots og Vitusapotek, fortel om det same.

Vi ser no historiske tal, skriv pressesjef i Apotek1 Silje Ensrud, til NRK.

Til saman har apoteka hittil sett kring 180.000 vaksinar mot 150.000 i heile influensasesongen i fjor.

Men vaksinemangelen på apoteket i Ålesund lovar dei at ikkje skal skje overalt.

Are Stuwitz Berg, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet

Are Stuwitz Berg meiner vaksinering på apoteka er eit godt tilbod, men minner om at det er kommunane som er ansvarlege for å vaksinere innbyggjarar i risikogruppene.

Foto: Torstein Bøe

Alle selskapa seier at dei framleis har vaksinar på lager og at dei kontinuerleg bestiller fleire.

At nokre einskilde apotek er tomme for vaksinar, seier Berg i FHI at ein ikkje skal vere uroa over:

– Det er kommunane som har ansvar for å vaksinere risikogruppene sine, altso dei eldre og dei yngre med underliggande risikotilstandar, pluss helsepersonell. Det er meir enn nok vaksinar i Noreg til å vaksinere desse, seier Berg.