Hopp til innhold

Det hastar for den som vil ha sommarjobb

Etternølarar som vil ha seg sommarjobb, må hive seg rundt, meiner LO og NHO. Framleis finst det jobbar å få, men det hastar, seier organisasjonane.

Emilie Ingeborg Mansfield Heggen

Emilie Ingeborg Mansfield Heggen har i fleire somrar sortert og selt både morellar og bringebær i Valldal. Å jobbe med bær, har vore ein ok sommarjobb, synest ho.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Vi har passert midten av mai månad, og sommaren står snart for døra. For tusenvis av unge gjeld det om å finne seg sommarjobb, og få pengar i lomma.

Det finst framleis ledige jobbar, men no hastar det for den som vil ut på jobbmarknaden i sommar, understrekar både LO og NHO..

– Ja, no hastar det verkeleg. Har du ikkje skaffa deg jobb i sommar, må du må berre søke og spør rundt om hos bedriftene. Det verste du kan få er eit nei, seier Kent Logan Jelle som er Ungdomssekretæren i LO i Møre og Romsdal.

Kent Logan Jelle

Torill Ytreberg i NHO meiner unge sjølve må ligge frampå og ikkje gi seg før dei har fått seg sommarjobb.

Foto: Roger Oldeide

Mange frå vidaregåande og høgskular fortel til LO at dei helst søker sommarjobb på butikkar, bensinstasjonar, campingplassar, jordbærplukking og så bortover.

Det er lettast å få slike jobbar og dei blir oftast utlyste også, seier Jelle.

Den viktige sommaren

Sommarferien er ei kjempeviktig tid for unge, ikkje berre når det gjeld å slappe av og puste ut etter travle skuledagar.

– Sommarjobb og erfaring frå arbeidslivet er veldig viktig for unge. Dess meir erfaring du har får arbeidslivet, dess tryggare blir du på deg sjølv. Det gjer det lettare å få jobb i framtida om du har arbeidserfaring, for nettopp det spør svært mange arbeidsgivarar om, seier Jelle.

Torill Ytreberg i NHO er samd med LO i at arbeidserfaring frå sommarjobbar er viktig for ungdom.

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg i NHO meiner unge sjølve må ligge frampå og ikkje gi seg før dei har fått seg sommarjobb.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Sommarjobb gir arbeidstrening og mykje lærdom. Å ha prøvd arbeidslivet gjennom sommarjobb er godt å ha med på framtidig CV, når ein skal ut og søke fast jobb, seier Ytreberg.

Tilbakemeldingane frå bedrifter er at dei har gode erfaringar med unge sommarvikarar.

– Dei blir jo sett til jobbar dei kan handtere, og får god opplæring, så det er berre å stå på!

Bruk kontaktar

Kent Logan Jelle er erfaren ungdomssekretær som i fleire år har følgt med unge i sommarjobb, mellom anna frå LO` s årlege Sommarpatrulje.

– Ta vare på utlysingsteksten dersom jobben er lyst ut. Der det står kva du skal jobbe med. Då kan du sjekke at arbeidet ikkje endrar seg etter at du har starta i jobben. For det kan også skje, seier han.

Facebook

Sosiale medium er ein viktig plass for å finne ledige sommarjobbar. Men å oppsøke bedrifter og spør om jobb er også lurt, meiner både LO og NHO.

Foto: Paul Sakuma / AP

Både Jelle og Ytreberg har gode råd om korleis finne sommarjobb såpass seint utpå våren.

– Bruk Facebook og andre sosiale medium. Gå inn på Finn.no, sjå i aviser, bruk kontaktar og spør deg for. Der er mange jobbar der ute for den som søker, seier Jelle.

NHO sine beste råd er å vere aktiv i jobb-jakta.

– Ver frampå og forhøyr deg rundt om på bedrifter du kan tenke deg å jobbe for. Men ver ikkje for kresen, for her handlar det om å skaffe seg arbeidstrening. Det kan alle ha godt av. Ja, det kan til og med opne augo for heilt nye, og interessante bransjar, seier Torill Ytreberg.