NRK Meny
Normal

Det har blitt lettare for allergikarar å ete ute

Det har blitt enklare for dei som ikkje toler gluten å gå ut og ete. Norsk cøliakiforeining opplever at dei fleste restaurantane no tilbyr glutenfrie rettar.

Belinda Svensli er baker hos Søstrene Fryd

I Ålesund har to søstrer starta kafe og restaurant der alt på menyen er glutenfritt. Belinda Svensli er baker hos Søstrene Fryd og har sjølv cøliaki.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Restauranten Søstrene Fryd i Ålesund

Ved restauranten Søstrene Fryd i Ålesund er alt på menyen glutenfritt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I Ålesund har to søstrer starta kafé og restaurant der alt på menyen er glutenfritt. Eigar Turid Smoor trur livet til dei med cøliaki vert lettare med eit slikt tilbod.

– Mange av dei som kjem hit blir nesten euforiske fordi dei kan velje varer frå kakedisken og ete alt vi har på menyen, seier ho.

Tilbod for allergikarar

Då søstrene Wenche og Turid Smoor starta restauranten Søstrene Fryd i februar, bestemte dei seg for å gi eit ekstra tilbod til dei som er allergiske, fortel Turid.

Turid Smoor

Turid Smoor driver Søstrene Fryd saman med søstera Wenche.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg har bakgrunn frå kokkeverda og har alltid vore opptatt av helse. Vi meiner at det er viktig å kunne gi eit tilbod til dei som har allergiar, både gluten og andre. Men det er klart at glutenallergi er eit problem for mange, seier ho.

Dei færraste serveringsstadane i landet har ein heil meny utan gluten, slik som restauranten i Ålesund.

Men det har blitt lettare for dei med cøliaki, fortel generalsekretær i Norsk cøliakiforbund, Knut Peterson.

– Vi ser at både butikkar og restaurantar blir meir opptatt av å ha alternativ, seier han.

Utvalet har blitt betre

Belinda Svensli er baker hos Søstrene Fryd og har sjølv cøliaki. Ho synest det er fint med ein restaurant der alt er utan gluten.

Belinda Svensli

Belinda Svensli er baker hos Søstrene Fryd og har sjølv cøliaki.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– For meg betyr det utruleg mykje. Det er ofte kjedeleg å gå ut og ete med vener og familie. Dei kan sjå på menyen og bestille akkurat det dei vil, medan eg må ta til takke med det einaste på menyen som er glutenfritt, seier ho.

Svensli oppdaga at ho hadde cøliaki for elleve år sidan og måtte kutte ut alt av kveitemjøl frå kosten. Dei siste åra har det blitt litt lettare å gå ut og ete, synest ho.

– Tilbodet har blitt mykje betre no enn før. Då var det nesten ingenting på marknaden. Men eg meiner likevel at det kan bli betre. Dei fleste restaurantar og kafear i dag har berre frosne produkt som dei gjerne tinar i mikrobølgeomnen, seier Svensli.

Fleire vel glutenfritt

På eit av borda sit Gro-Linn Gamst saman med ei venninne. Ho har ikkje cøliaki, men et likevel glutenfritt.

Gro-Linn Gamst

Gro-Linn Gamst har ikkje cøliaki, men vel likevel glutenfri mat.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg føler meg mykje betre når eg et glutenfri mat så det har eg framleis med. Eg kjenner at kroppen fungerer mykje betre med glutenfri mat, seier ho.

Og nettopp det at så mange utan cøliaki vil ha glutenfrie produkt er grunnen til at utvalet har blitt større. Det trur generalsekretær i Norsk cøliakiforeining, Knut Peterson.

– Det er mange med cøliaki som ikkje er diagnostisert, men det blir generelt meir fokus på sunnare mat og det å ete riktig, seier han.

For restauranteigar Turid Smoor betyr satsinga på glutenfritt og økologisk mat ei dyrare drift. Ho meiner likevel at fleire burde hatt menyar heilt fri for gluten.

– Eg meiner at det burde vere minst ein restaurant eller butikk som har eit slikt tilbod i kvar by, seier ho.