Hopp til innhold

Det grøne hjørnet opna

Det grøne hjørnet i Ålesund vart opna av ordføraren onsdag.

- Dette var ei fin oppleving, seier snorklipparen Bjørn Tømmerdal.

- Det er ei fortsetjing av det arbeidet som kommunen har heldt på med nokre år. Sidan vi vart Grønn Barneby i 2007 har vi arbeidd målretta med haldningsskapande arbeid retta mot barn, seier han.

Viktig for borna

Hjørnet er i fyrste etasje av Ålesund rådhus, og skal gje innbyggjarane i byen ei innføring i miljø, energi og helse.

Enkelte av utstillingane skal også ha filmar, plakatar og brosjyrer, skriv kommunen i ei pressemelding.

No håper Tømmerdal at folk kan bruke senteret til å få informasjon om emna.

- Eg trur det er viktig, for det er ungane våre som skal ta over denne planeten i løpet av framtida, seier Tømmerdal.

Rådhusplassen var som ny for opninga av det grøne hjørnet.
Foto: Åge Andre Breivik

Konkurranse for ungane

Ein del av ungane som skal ta over planeten er 4. klasse frå Aspøy skule, som var på opninga.

- Vi har fått sykla på ein energisykkel, seier Johannes Flåskjer, som er ein av fjerdeklassingane som var med på opninga. Han håpte at han kunne vinne konkurransen mot klassekameratane på opninga.

Borna fekk vere med på tre postar på Rådhusplassen etter opninga. Ein av desse var det Friluftsrådet i Ålesund som stilte med. Dei hadde mellom anna med lavvo og bål til opninga.

Mykje spennande for ungane

I tillegg fekk skuleungane gå inn på ressurssenteret og sjå seg rundt, og vere med på lesestund på Rådhusplassen i regi av Ålesund bibliotek.

Christine Rørvik var nøgd med å få opna senteret.
Foto: Åge Andre Breivik

- Vi har veldig mykje spennande for ungane, seier informasjonskonsulent i Ålesund kommune, Christine Rørvik. Ho er ei av dei som står bak det nye ressurssenteret. No håper ho at folk vil kome til det grøne hjørnet.

- Vi vil at både barnehagar og skular skal bruke oss, men vi er også interesserte i at innbyggjarane skal kome og finne ut meir om både energi, miljø og helse, fortel ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL