Hopp til innhold

Denne restauranten skulle opne i dag

Ismail Hakki Filiz fekk sjokk i dag då han oppdaga at restauranten hans var oversvømt av kloakk.

Kloakk i restaurant i Kristiansund

Slik såg det ut på kjøkkenet etter at kloakken fløymde over på Kaia Spiseri i Kristiansund.

Foto: privat

Den nye restauranten Kaia Spiseri i Kristiansund skulle etter planen opnast for gjestar i kveld. Den planen gjekk regelrett i dass. På golvet flyt det av kloakkvatn og det heng ein eim av kloakk i lokala.

– Det er enorme skader og lokalet må kanskje stengast i fleire veker. Golvet og veggane må rivast, seier den fortvilte restauranteigaren, Ismail Hakki Filiz.

Bobla i sluken

Filiz var på jobb til klokka 02 i natt for å gjere dei siste førebuingane Han høyrde at det bobla i sluken og toaletta før han gjekk heim. I dag tidleg fekk han telefon frå burettslaget om at det var overfløyming i restauranten.

– Det var kloakkvatn over alt, fortel Filiz.

Det var Tidens Krav (krev innlogging) som først skreiv om saka. No er oppryddingsarbeidet i den nyoppussa restauranten i gang. Forsikringsselskapet er til stades for å dokumentere skadane og sjå kva som kan bergast.

– Det er veldig trist. Vi hadde jo sagt til kundane at vi skulle ha nyopning av restauranten i dag med mat frå Istanbul, seier Filiz.

Ismail Hakki Filiz fekk restaurant full av kloakk

Ismail Hakki Filiz synest det er trist at han må utsette opninga av restauranten på ubestemt tid.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Skader også i tomt lokale

Styreleiar i Sameiet Sjøfronten burettslag, Britt Dyrnes, var den som oppdaga oversvømminga. Ho såg først at det var vatn i gangen innanfor ytterdøra og kjende lukta av kloakk. Då ho undersøkte nærare såg ho at det kom kloakk opp frå sluken på eit teknisk rom og at det var kloakk på restaurantgolvet.

– Det er stort sett i restauranten det er stor skade, men vi har også eit anna næringslokale som står tomt, der det også var forferdeleg, seier ho.

Må tenke framover

Ismail Hakki Filiz har ikkje tenkt å gi opp restaurantdraumen, sjølv om det kan tid før lokala kan brukast. Fire-fem personar som er tilsett må ut i permisjon og Filiz reknar med at han må gå utan jobb ei stund.

– Eg må tenke ut nokre nye idear, seier Filiz.

Oversvømmelse i restaurant i Kristiansund

Oppryddingsarbeidet er i gang. Det er uvisst for omfattande skadane er.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL