Hopp til innhold

Det blir truleg klassetur til Belgia

Terroren i Brussel gjorde det usikkert om Spjelkavik vidaregåande skulle avlyse klasseturen til Belgia eller dra som planlagt. Tysdag kveld har det vore foreldremøte og stemninga for tur er god.

Rune Heggdal

Rektor Rune Heggdal seier at det kan vere enkelte foreldre som ynskjer å halde barna heime.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I lang tid har 27 elevar frå internasjonal line ved Spjelkavik vidaregåande gledd seg til å dra på utvekslingstur til Belgia. Då terroren ramma flyplassen og metroen i Brussel og tok livet av 32 menneske, var skulen usikker på om det var trygt å reise. Rektor og lærarar tok eit hastemøte i påska for å diskutere situasjonen. I kveld var det foreldre og elevar som fekk seie sitt.

– Det er stemning for å gjennomføre klasseturen som planlagt, men foreldre skal få svare individuelt på epost. Det kan vere enkelte som ynskjer å la barna vere heime, seier rektor Rune Heggdal.

Elevane skal bu hos vertsfamiliar i byen Iper, som ligg ein times tid frå Brussel. Etter planen skulle dei på dagstur til Brussel, men denne turen er tatt bort frå programmet.

Dei skal heller ikkje flyge til Brussel. Turen går frå Ålesund til Amsterdam og derifrå skal elevane ta buss.

– Vi har hatt eit godt møte i dag. Heldigvis har vi engasjerte foreldre, seier Heggdal.