Hopp til innhold

Det blir våtare og villare i Møre og Romsdal

Klimaendringane gjev Møre og Romsdal meir nedbør, fleire og større flaumar, fleire skred og kraftigare stormflo. Det går fram av den nye klimaprofilen som Norsk Klimaservicesenter legg fram i samarbeid med NVE og Meteorologisk institutt i dag.

Storfjord hotell

Slik såg det ut på Glomset ved Storfjord hotell 20. januar i år.

Foto: Sveinung Vemøy

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Møre og Romsdal, saman med Sogn og Fjordane og Hordaland, skil seg ut frå resten av landet. Det er i desse fylka at nedbøren blir kraftigare og meir intens enn før.

I tillegg har dette området ein topografi som gjer at slike nedbørsmengder blir ei utfordring. Vi får ei temperaturstigning, vi får meir nedbør og meir intenst nedbør. Desse faktorane vil saman gje oss oftare flaum og vi får større flaumar. Opp på dette kan vi få skred som er utløyst av vatn, fortel regionsjef i NVE på Vestlandet, Brigt Olav Samdal til NRK.

Barstadvik flaum

I august 2016 førte styrtregn til enorme flaumskadar i Barstadvika i Ørsta på Sunnmøre.

Foto: Joar Ødegaard / Politiet

Temperaturen stig

Brigt Olav Samdal

Brigt Olav Samdal er direktør for NVE på Vestlandet.

Foto: Pressefoto / NVE

Ifølgje klimaprofilen kjem gjennomsnittstemperaturen i Møre og Romsdal til å auke med fire grader fram mot slutten av dette hundreåret. Temperaturen kjem til å auke mest om vinteren, våren og hausten. Men også sommartemperaturen er venta å auke med 3,5 grader.

Dette betyr at det blir sjeldnare vinterdagar med svært låge temperaturar og om sommaren vil det bli oftare dagar der temperaturen kjem over 20 grader.

Dette heng saman med dei store, globale endringane. 2016 var eit nytt år med varmerekord i heile verda.

Slik kjem temperaturen til å utvikle seg i Møre og Romsdal

Utvikling årstemperatur Møre og Romsdal

Slik ser NVE for seg at gjennomsnittstemperaturen kjem til å utvikle seg i Møre og Romsdal fram mot år 2100.

Foto: NVE

Kraftig auke i nedbøren

Dei som ønskjer seg mykje varmare somrar i Møre og Romsdal kjem til å bli skuffa. Og somrane kjem også til å bli våtare.

I gjennomsnitt er auken rekna til å bli på 15 %. Aller størst blir auken om sommaren. Her varslar NVE ein auke på 20 %. Hausten blir også ei endå meir regntung tid enn før. Her er det venta ein auke på 15 %. Auke blir det også om vinteren og om våren, men her ligg tala på 5 %.

– Mykje av nedbørsauken kjem om sommaren og hausten. Og dette gjev utfordringar. Vestlandet er prega av haustflaumar, i motsetning til Austlandet som får flaumane om våren. Mindre snø i fjellet vil gje mindre vårflaumar på Austlandet. Men Vestlandet får endå større flaumar på hausten, seier Samdal.

Flom Ørskogelva

Ørskogelva på Sjøholt er ei av elvane som har fått merke kraftig vassføring i mildvêr om vinteren. Dette er frå 20. januar i år.

– Ekstremt fort og øydeleggande

Mykje av den flaumskapande nedbøren kjem til å kome langt vest der ein gjerne ikkje har dei store elvane. Område med mindre elvar omgitt av høge, bratte fjell kjem, ifølgje klimarapporten, til å vere svært utsette.

Vi ser at dei bratte vestlandsvassdraga ofte tek med seg mykje stein og jord når der er store flaumar. Det blir kraftig erosjon som kan gjere flaumane ekstra farlege. På Austlandet får ein ofte roleg vatnstigning der ein kan vite eit døgn eller to på førehand kor omfattande flaumen blir. På Vestlandet vil dette skje ekstremt fort. Det kan skyte i vêret på 2–3 timar og gje ein flaumtopp som kan ha ei anna dødeleg kraft for dei som bur utsett til, seier Samdal.

Slik kjem nedbørsmengdene til å utvikle seg

Utsikter for årsnedbør

Slik kjem nedbøren til å auke, ifølgje klimaprofilen for Møre og Romsdal.

Foto: NVE

Nye krav til beredskap og førebuing

Utsiktene til hyppigare og meir intens nedbør set nye krav til både flaumførebygging og beredskap.

Det aller viktigaste er ei god arealplanlegging i kommunane. Dei må vokte seg for å byggje seg inn i problemområde, og å unngå å legge til rette for utbygging i nærleiken av vassdrag og der det kan kome skred i bratt terreng. Det vil vere det viktigaste langsiktige tiltaket. Kommunane må også vere budde på at det vert hyppigare hendingar både når det gjeld flaum og skred. Beredskapsarbeidet må dermed dimensjonerast i forhold til dette, seier Samdal.

– Etter Nyttårsorkanen og «Dagmar» har det vore fokus på sterk vind. Bør meir av beredskaps-fokuset dreiast over på nedbør og flaum?

Klimaprofilen er tydeleg på at det er auka flaumverdiar både når det gjeld mengde vatn og intensitet. Ein er meir usikker på om det kjem til å skje noko med vindstyrken. Det er ikkje nokon eintydige svar på at det kjem til å bli meir vind, seier Samdal. Så svaret er at ein vil oppleve ei dreiing over mot flaum- og skredhendingar, seier Samdal.

Flomskader Barstadvik
Foto: Joar Ødegård / Politiet

Mindre snø i låglandet

NVE ventar ein vesentleg reduksjon i snømengdene i låglandet i Møre og Romsdal. Også talet på dagar med snø på markane kjem til å gå ned i kystområda. Fjellet kan få aukande snømengder fram mot midten av hundreåret. Deretter ventar NVE at høgare temperaturar kan føre til mindre snø også i fjellet.

Vi har rekna på korleis snøsituasjonen vil vere i 2050 og i 2100. Vi får ein klar reduksjon i talet på snømånader i låglandet på Vestlandet også før 2050. Ein må lenger inn i landet og høgare opp for å finne ski-forhold. Denne situasjonanen blir forverra fram mot 2100.

– Det at det blir lagra mindre snø i terrenget til fjells får vel også følgjer for kraftproduksjonen?

– Dette endrar biletet for kraftforsyninga. Meir av nedbøren kjem som regn. Dei som har store kraftmagasin har sjølvsagt høve til å halde vatn tilbake. Men det «magasinet» vi har hatt i form av snø i terrenget blir redusert.

Les heile klimaprofilen for Møre og Romsdal