Hopp til innhold

Snøen kjem i romjula

Det blir eit ruskete ver julaftan, men fortvil ikkje. Snøen kjem om ikkje så lenge.

Vinter i Bymarka i Trondheim

Fredag kveld er det meldt snø og det betyr at vi kan vakne opp til kvit jul 2. juledag.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Det er ikkje akkurat kvit jul i Møre og Romsdal, slik mange hadde eit håp om. I dag er det mildvêr og sørleg sterk kuling utsette stadar.

– På fjellet og på kysten lengst i sør, vil det blåse opp i full storm i dag, seier statsmeteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet. Utover kvelden på julaftan skal nedbøren auke og det er på Sunnmøre det er venta mest regn.

1. juledag blir vêret endå meir ruskete. Då er det meldt full storm.

– Vindretninga er vestleg og då er det ikkje berre kystområda som får vinden. Det vil også kome innover i landet, seier Skare.

Håpet om snø i jula er ikkje ute. Allereie 1. juledag blir det kaldare og snøgrensa kryp nedover. På fredag kveld vil vinden minke og det er venta sluddbyer og snøbyer i låglandet.

– Akkurat det med «I`m dreaming of a white christmas», kan folk få på fredag kveld, ler statsmeteorologen.