Hopp til innhold

Bebuarane er rasande over vedtak om søppelanlegg

Naboane har kjempa for å få flytta søppelanlegget til Kristiansund kommune. Bystyret bestemte i dag at avfallshandteringa blir verande på Hagelin.

Ketil Grødahl

Ketil Grødahl meiner at det må finnast ei betre løysing enn å ha søppelanlegget i bysentrum. Han er skuffa over vedtaket i bystyret.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For to veker sidan foreslo formannskapet å flytte søppelanlegget i Kristiansund frå Hagelin til Pilotvegen ved flyplassen Kvernberget. Renovasjonsanlegget sorterer blant anna restavfall for fem nordmørskommunar og sender det vidare til Sverige. Anlegget ligg i dag kloss inntil eit stort bustadområde.

Naboane på Hagelin har kjempa for å flytte anlegget bort frå husa no når det skal byggast nytt. Tysdag vart saka handsama i bystyret og fleirtalet stemte mot formannskapet si tilråding. Dermed blir søppelet verande på Hagelin.

– Vi må ta vare på flyplassen. Ein fugl der kan vere ein for mykje og det er tragisk, sa bystyrerepresentant Per Nordvik (Frp). Vedtaket om å bygge nytt anlegg på Hagelin vart gjort med 30 mot 14 røyster.

Sjokkert over politikarane

Naboane på Hagelin er skuffa og sinte over vedtaket. Anlegget ligg like ved både barnehagar, hus og idrettsanlegg.

– Vi er sjokkerte over at politikarane som stemte mot flytting, kan stå med ryggen rak og seie at det er fornuftig å legge eit avfallsanlegg, som skal vere her i 50 år, midt i bykjernen, seier Ketil Grødah. Han er leiar i Dalen velforeining og meiner det må finnast eit betre alternativ enn Hagelin.

Dei som bur i området er plaga av vond lukt, kråker og skadedyr og søppel som ligg utover. Plagene er aller verst på sommarstid.

Gjere om vedtaket

Velforeiningane skal no samlast for å diskutere om det er noko meir dei kan gjere for å snu om på vedtaket.

– Eg trur Kristiansund blir den einaste byen i Noreg som har søppelanlegg midt i sentrum, seier Grødahl. Han forstår at politikarane sa nei til alternativet om å legge eit søppelanlegg nær flyplassen, men meiner at det bør finnast andre eigna område.

Bebuarane som bur på Nordlandet, ville heller ikkje ha avfallsanlegget som nabo, og pusta letta ut over vedtaket.

– Er det ein promille sjanse for at plasseringa kan påverke flyplassen vår, er det ikkje verdt å gamble med det, seier Per Willy Pettersen i Draget velforeining.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL