Hopp til innhold

Det blir kolonnekøyring i Ålesundstunnelane

I eit år framover skal vegvesenet utbetre Ålesundstunnelane. Det skal kome betre lys, kamera og fartsmåling. For bilistane betyr dette kolonnekøyring og nattestengde tunnelar.

Ellingsøytunnelen

Arbeidet med Ålesundstunnelane skal halde på i eit år.

Foto: Kari Nygard Tvilde/NRK

Over heile landet vert 200 rikstunnelar oppgradert for å fylle EU sine krav. Arbeidet i Innfjordtunnelen har allereie halde på i eit år. 1. november startar også utbetringsarbeidet i Ellingsøytunnelen, medan renoveringa startar 29.november i Valderøytunnelen.

– Vi skal inn med nye lys, betre sikringsutstyr i tilfelle brann og evakuering, kameraovervaking og fartsmåling, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Ole Kristian Birkeland

Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen seier at ventetida på kolonnekøyringa ikkje skal vere meir enn 20 minutt på kveldstid.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kolonnekøyring på kvelden

På dagtid skal trafikken gå som normalt medan oppgraderinga held på. På kvelds- og nattetid blir det kolonnekøyring.

– Ventetida skal ikkje vere meir enn 20 minutt fram til midnatt, seier Birkeland.

Dei første fire månadene vert tunnelane heilt stengt nattetid, fordi det blant anna skal sprengast, men naudetatane får sleppe gjennom når dei treng det.

Folk er skeptiske

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug (KrF), er spent på korleis det blir når tunnelarbeidet startar. Det er ikkje mange år sidan tunnelane sist vart renoverte og i periodar måtte bilistane ta ferje frå Ålesund til Valderøya.

I hans kommune skal også oppgraderinga av Godøytunnelen starte i november.

– Det er mykje skepsis og uvisse om korleis dette skal bli, men samstundes har vi lokale aktørar som har vore med i arbeidet og gitt innspel, seier Valderhaug.

For innbyggjarane på Godøya og dei andre øyane vert alternativet å bruke hurtigbåt til Ålesund. Båten som blir sett inn er så stor at den skal tole dårleg ver. Ordføraren håper at hurtigbåten kan bli ei varig løysing.

Harry Valderhaug

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug (KrF), seier at mange er skeptiske til korleis det blir når tunnelane skal renoverast.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Når vi ser korleis båttilbodet vert brukt under renoveringsperioden, kjem vi til å sjå om vi kan ta vare på eit slikt trekantsamband mellom øyane og Ålesund. Tunnelsambandet er sprengt fordi trafikken er så stor, seier Valderhaug.

Fleire står for tur

Andre tunnelar i Møre og Romsdal som skal utbetrast er Gyltunnelen i Tingvoll og Rotsethorntunnelen i Volda. Moa- og Blindheimstunnelen i Ålesund er allereie ferdig utbetra. Det same er Hatlaåstunnelen.

I heile landet skal dei 200 tunnelane vere ferdig utbetra innan 2021/22.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL