NRK Meny

Det blir framleis grått og vått

Ifølge vervarslinga kan vi framleis vente oss grått og vått ver. I dag vest eller nordvest bris, periodevis frisk bris enkelte stader. Sludd- og snøbyer, til dels regnbyer på kysten. I morgon vestleg bris, om ettermiddagen sørvest bris. Skiftande skydekke, enkelte sludd- og snøbyer, til rels regnbyer på kysten. I morgon kveld stort sett opphaldsver i indre strok. Uendra eller litt lågare temperatur.