Hopp til innhold

Det blir europacupspel på Høddvoll

Alt skal no vere klart for at Hødd får spele kvalifisering til Europaligaen heime i Ulsteinvik og på heimestadion Høddvoll.

Hødd jublar for cupgull

Her jublar Hødd etter at det avgjerande straffesparket i cupfinalen hadde blitt banka i mål. Cuptriumfen gjorde at Hødd kvalifiserte seg for europacupen. Heimekampen får dei spele på Høddvoll.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Lars Arne Nilsen

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen, her frå feiringa i etterkant av cuptriumfen, var overbevist om at Hødd måtte anten til Ålesund eller Molde for å spele europacup.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er litt imot alle odds. Etter den sensasjonelle cupsigeren i november var nemleg Hødd-trenar Lars Arne Nilsen sikker i si sak:

– Nei, Høddvoll er ikkje godkjent for europacupspel. Vi må nok til Ålesund for å spele, vi.

– Kva tenkjer du om det?

– Eg har ikkje rokke å tenkje noko særleg over det eigentleg. Det går greitt for vår del, men det er vel ekstra irriterande for ålesundarane, sa Nilsen.

Men så ...

I mars i år kom det derimot fram at Hødd var inne i ein prosess med UEFA og NFF om å kanskje få spele i Ulsteinvik.

– Det er første gong i klubben si historie at vi får sjansen til å spele europacup, og det hadde vore veldig spennande og kjekt dersom vi fekk avvikla den kampen heime på Høddvoll, sa dagleg leiar i Hødd, André Nevstad, til NRK .

– Vi har fått enkelte indikasjonar på at det er mogleg å spele den kvalifiseringsrunden vi kjem inn i heime på Høddvoll, fortalte Nevstad vidare.

Ballen rulla, og midt i april hadde det gått frå «kanskje» til «mest truleg» .

– Vi har fått ganske sterke signal frå Noregs Fotballforbund om at kampen kan gå på Høddvoll. Nokon frå UEFA kjem til Høddvoll og skal ha ei synfaring av bana 23. april, sa driftssjef på Høddvoll, Per Arve Moldskred.

Etter synfaringa slo Nevstad fast at alt no var opp til UEFA og NFF .

Høddvoll

No blir det europacup på Høddvoll, stadfestar André Nevstad.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
André Nevstad

Dagleg leiar i Hødd, André Nevstad, gler seg til europacup på Høddvoll. Her står han, åleine, på Høddvoll-taket under cupkampen mot Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Ser greitt ut

No stadfestar Nevstad at alt ser ut til å vere i skjønnaste orden, og at det blir europacupspel på Høddvoll i sommar.

– Vi har ikkje fått andre tilbakemeldingar enn det frå verken UEFA eller NFF, og det ser greitt ut. Så vi har oppfatta det slik at det blir Høddvoll i andre kvalifiseringsrunde til Europaligaen.

Klubben har sidan besøket hatt god tru på at det skulle bli Høddvoll-kamp. Etter å ha skrive ei tiltaksliste over kva som må gjerast, er signala gode.

Hødd kvalifiserte seg for europacupspel etter cuptriumfen over Tromsø i fjor.

NM-gullet hadde mykje å seie for Hødd økonomisk, og med heimekamp på Høddvoll kan det bli endå nokre kroner i Hødd-kassa. Spesielt med dei gode publikumstala 1. divisjonsklubben har i år.

Saka held fram under videoen.

Hødd og Tromsø spilte uavgjort 1-1 og cupfinalen 2012 gikk til straffesparkkonkurranse. Der trakk Hødd det lengste strået og kunne slippe jubelen løs. Andreas Rekdal satte inn den avgjørende straffen for Hødd.

I straffesparkkonkurransen i cupfianlen 2012 var Hødd hakket vassare enn Tromsø. Dermed blei det europacup på den vesle klubben frå Sunnmøre.

Kjetil Wæhler

IFK Göteborg- og landslagsspelar Kjetil Wæhler er blant mennene Hødd kan møte på Høddvoll. Han vann nyleg den svenske cupen saman med IFK Götborg, då laget slo Per-Mathias Høgmo sitt Djurgården.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Mange store namn

Kven som blir Hødd sin motstandar er framleis uklart, men blåtrøyene kan møte lag storlag.

Rubin Kazan (Russland), Standard Liege (Belgie), Røde Stjerne (Serbia), Hapoel Tel Aviv (Israel) og IFK Göteborg (Sverige) er alle mogleg motstandarar, skreiv Vikebladet førre torsdag.

Det sistnemnde svenske laget vann nyleg den svenske cupen, der Kjetil Wæhler sitt IFK Göteborg slo Per-Mathias Høgmo sitt Djurgården.

Det var Høgmo sitt andre cuptap på seks månader. Høgmo var nemleg Tromsø-trenar då Hødd løfta kongepokalen på Ullevaal i november.

Betyr mykje for publikum

Uansett motstandar blir internasjonal motstand på Høddvoll i sommar stort for både publikum og klubben.

– Det er noko vi har merka litt etter kvart. At det å få realisert europacupfotball på ærverdige Høddvoll betyr mykje for folk rundt oss, i tillegg til oss i klubben, seier Nevstad til NRK.

Color Line Stadion i Ålesund og Aker Stadion i Molde hadde ikkje blitt det same. Stadion i Ulsteinvik er nemleg kjent som eit fort.

– Høddvoll er vår heimebane, og det vil gi oss ein sportsleg større sjanse. Det er her vi føler oss heime, det er her vi har det trygt og det er her vi har det best.

– Det betyr noko sportsleg, men først og fremst betyr det veldig mykje at folket her får oppleve europacup i Ulsteinvik og på Høddvoll, avsluttar dagleg leiar i Hødd, André Nevstad.

Den andre kvalifiseringsrunda til Europaligaen blir spelt 18. og 25. juli.

Hødd-publikum på Ullevaal

Hødd-publikumet kosa seg på Ullevaal i november. No får dei sjå heltane på Høddvoll i Europa i sommar.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix