– Det er meldt bra vêr og sol heile helga, så vi får nyte det, seier Reistad til NRK.
Statsmeteorologen fortel om svært gode prognosar. Fredag kunne ho strålande glad melde om varmerekord.
Slo 24 år gammal rekord
For på Sunndalsøra blei det målt heile 18,4 grader klokka 13.00. Det varte derimot ikkje så veldig lenge.
– Dessverre ramla det til 17,1 grader klokka 14.00, men vi håper det vil stig igjen, seier Reistad.
Førre varmerekord for mars månad på Sunndalsøra blei målt i 17. mars 1990 og var på 17,2 grader.
– Stasjonen byrja å observere i 1986, men det er framleis ny varmerekord, slår statsmeteorologen fast.
Nest varmast i fylket var det i Tafjord med 16,2 grader.
- Les også:
– Bruk dagane godt
Frå i morgon ettermiddag vil vinden etablere seg frå nordaust og det kjem til å blåse opp i frisk bris, opplyser Reistad. Vêret skal derimot halde seg godt, men det kan bli ein del tåke.
– Det kan bli einaste problemet. Det er svært utrygt for mykje tåke særleg i kyststrøka. Det startar i kveld fredag og kan vare i fleire dagar.
Sett vekk ifrå tåka blir helga derimot strålande, skal vi tru Reistad.
– Prognosane tilseier mykje sol, så det er berre å bruke dagane godt, avsluttar statsmeteorolog Anna Reistad i prat med NRK.