NRK Meny
Normal

Desse vegane er stengt på grunn av ras og uver

Fleire vegar i Møre og Romsdal er stengte fredag på grunn av ras eller store mengder vatn. Både politi og Statens vegvesen er i beredskap.

Årsetdalen

I Årsetdalen har det gått eit lite jordras og det er redusert framkome.

Foto: Skjalg Longva

Det har vore enorm med nedbør det siste døgnet og snøsmelting frå fjellet. Det betyr at det har gått fleire ras rundt omkring

Her er den siste oversikta over vegane frå Statens vegvesen:

  • Fv 41 Leira-Viddal er stengt på grunn av jordras.
  • Fv 37 Hareid-Branddal- open for trafikk att etter eit jordras.
  • Fv 67 Grønneveta-Årset i Ørsta- redusert framkome på grunn av jordras
  • Kv Standalen i Ørsta- stengt på grunn av oversvømmelse
  • Fv 10 Gjøneset , på strekninga Gurskevågen- Raftenes: redusert framkome på grunn av jordras.
  • Fv 40 Fjøsneset, på strekninga Lauvstad-Folkestad- stengt på grunn av snøras. Vegen blir ikkje opna i dag.
  • Ev 39 Sandvika, på strekninga Volda-Ålesund: Vart opna for trafikk fredag kveld. Eitt felt var stengt og det var manuell dirigering på grunn av oppryddingsarbeid etter eit jordras.
  • Fv 60 Tjønes på strekninga Sykkylven-Stranda - eitt felt stengt på grunn av flaum
  • Fv 655 Lygnstøylen på strekninga Lekneset-Tryggestad- stengt på grunn av jordras

I Sogn og Fjordane er EV 39 Skredestrand, på strekninga Nordfjordeid-Volda, stengt på grunn av ras.

Ras på E39 i Skredestranda

Det har gått store mengder vatn, jord og steinmassar har gått over E39 ved Skredestranda.

Foto: Silje Guddal / NRK