Hopp til innhold

Desse tunnelane har ikkje gjennomført brannøving

Fleire undersjøiske tunnelar i Møre og Romsdal manglar dokumentasjon på at dei har gjennomført brannøving. Riksrevisjonen har slått alarm om 41 tunnelar.

Freifjordtunnelen

Freifjordtunnelen er ein av tunnelane som manglar dokumentasjon på at dei har gjennomført brannøving.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Riksrevisjonen har undersøkt arbeidet til styresmaktene når det gjeld å styrke tryggleiken i tunnelane. Konklusjonen deira er at tunneltryggleiken ikkje er god nok. Dei har sett på 41 risikoutsette tunnelar i Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Halvparten av desse har ikkje hatt brannøving dei siste fire åra. Sju av tunnelane er undersjøiske, som er kjent for å ha langt større risiko for brann enn andre tunnelar.

I Møre og Romsdal gjeld dette:

  • Ellingsøytunnelen
  • Freifjordtunnelen
  • Fannefjordtunnelen

Også Innfjordtunnelen, Måndalstunnelen, Rotsethorntunnelen og Ljønibbtunnelen manglar dokumentasjon på gjennomført brannøving.

Skal sjå på rutinane

Ole Jan Tønnesen

Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen seier at tunnelar er det dei har aller mest fokus på.

Foto: Gunnar Sandvik

Ole Jan Tønnesen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, har ikkje sett seg inn i rapporten, men seier at dersom Riksrevisjonen ikkje er nøgd med korleis dei gjennomfører brannøvingane, må vegvesenet sjå om noko skal betrast.

– Vi har eit godt samarbeid med det kommunale brannvesenet, som opererer i dei enkelte tunnelane. Vi har eit øvingsopplegg, som er avtalt med dei, seier Tønnesen.

I ei oversikt frå Statens vegvesen har alle dei namngitte tunnelane hatt brannøvingar i løpet av dei to siste åra.

Kritikk for risikoanalyse

Riksrevisjonen kritiserer også riskoanalysene som er gjort i tunnelane. Undersøkinga viser at fleirtalet av analysane ikkje tar opp særskilde tilhøve og risikoar ved tunnelen. Det kan vere til dømes sesongvariasjon i trafikk, høg prosentdel av tunge køyretøy og bratt stigning.

– Utan gode risikovurderingar vil ein heller ikkje få godt nok grunnlag for å avgjere tryggleikstiltak som bør setjast i verk, eller for å utarbeide beredskaps- og innsatsplanar for tunnelar, seier riksrevisor Per-Kristian Foss i ei pressemelding.

Tønnesen seier at revisjonar og tilsyn er svært viktig for å avdekke kva ein kan bli flinkare på.

– Tunnelane er det vegobjektet som vi har aller mest merksemd på. Det er også her vi øver mest for å vareta tryggleiken, seier Tønnesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL