Desse tannlegekontora kan forsvinne

Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal foreslår å slå saman tannlegekontoret på Eide, Eidsvåg, Batnfjordsøra, Misund og Aukra til eitt tannlegekontor. Også tannlegekontoret i Langevågen, Valderøya, Ørskog, Stranda og Haramsøy skal bli eitt, og tannlegekontoret i Volda, Ulsteinvik, Larsnes og Fosnavåg skal også bli til eitt tannlegekontor.