Dei er dei einaste to laga som nådde 11 av 12 poeng i den innleiande runden.
Heile 24 lag har delteke sidan byrjinga av januar, men det var altså då ungdommane frå Åfarnes og Halsa som gjorde det skarpast i konkurransen.
Eirik Holm, Janne Konstanse Lønø og Therese Flovikholm frå Åfarnes skule smilte frå øyre til øyre etter å ha fått 11 av 12 mogleg poeng onsdag 22. januar. 15-åringane fekk full pott i quiz-kategoriane "Tog" og Kropp"
- Les spørsmåla dei fekk her:
Ei veke seinare, 29. januar, var det Even Hendseth, Åsmund Godal Tunheim og Arne Bojer Pedersen frå Halsa barne- og ungdomsskule som var i elden. 10-klassingane fekk full pott i kategoriane "100" og "USA".
- Les spørsmåla dei fekk her:
Finalen går siste veka før påske (veke 15) og vert sendt på radio og vil bli streama på nett.
Dei beste laga frå dei innleiande rundane går vidare til lokale finalar, før dei lokale vinnarrane til slutt møtast til den store nasjonale finalen som blir sendt på NRK1 i beste sendetid i mai 2014.