Hopp til innhold

Dei kjenner ikkje sin eigen skjebne: Jula er her ganske snart

Dei vart fødde i vår og har hatt ein fin sesong på beite. No er dei nyklipte og velstelte. Utan å vite om sin eigen skjebne er dei på veg til slaktarbenken.

I snart ett år har vi fulgt sauene på Skulegarden i Eidsdal. Mens lamma er klare for siste kapittel, er det på tide å se fremover for folka på garden.

Pinnekjøtet er snart klart. No er årets lam klar til å forlate fjøset for å dra på slakteriet.

Når slaktarbilen køyrer inn på Skulegarden i Eidsdal er det sein haust. Jula nærmar seg. Det som i vår var søte små lam har feita seg opp gjennom sommaren. No er dei sanka saman, dei er gjort reine og er kortklipte i ulla.

Lars Iver Rønneberg

Lars Iver Rønneberg innser at lamma må til slaktaren. Han trøystar seg med at det kjem nye som er like snille som desse.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Frode Rønneberg

Bonde Frode Rønneberg sender kvalitetslam til slaktaren.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Tore Rusten

Kontrollør Tore Rusten er godt nøgd med kvaliteten på årets lam.

Foto: Alf-Jørgen / NRK
Amund Lien

Klassifisør Amund Lien viser fram prova på at årets lam har høg kvalitet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er greitt seier yngstemann på garden, Lars Iver Rønneberg. Når desse reiser til slaktaren får vi nye. Og dei nye lamma blir nok like snille som desse, seier han.

– Sommaren var god

Bonde Frode Rønneberg gjev lamma ein siste godbit før dei skal jagast om bord i slaktarbilen. Fleire av sauene er blitt ganske tamme gjennom sommaren. No sender han 41 lam til slaktaren. Dette blir prima vare for den som skal ha seg pinnekjøt til jul.

Det ser ut som om lamma har hatt ein svært god sommar i fjella. Dei er friske og raske alle saman. Dei har god kjøttfylde. Det er eit godt utgangspunkt for å lage pinnekjøt og fenalår av topp kvalitet, seier slakterikontrollør Tore Rusten.

Før lamma hamnar på slaktebenken er profesjonelle saueklipparar frå Australia frampå med sauesaksa. Kvart einaste lam skal vere perfekt klipt før det må bøte med livet.

– God kvalitet

Så er det gjort. Dei livlege krabatane er gjort om til hengande slakt, klar for partering og finskjæring. Noko går som pinnekjøt, noko blir fenalår. Litt hamnar kanskje på brødskiva som fårepølse.

Desse har veldig bra kvalitet. Det er berre å sjå her, seier klassifisør Amund Lien og viser fram dei kraftige kurvene slaktet har kring hoftene.

– Dei kunne godt få vere på garden litt til

Pinnekjøt og fenalår blir hengt opp på store stativ i tørkeriet. Sjølv om han er van til at lamma kvart år må reise til slakteriet, saknar han dei nok litt.

Dei kunne nok ha vore her på garden litt til, seier Lars Iver Rønneberg. Ute på bøen går sauene som unngjekk slaktaren denne gongen. Dei skal vere med å syte for nye generasjonar med kvalitetslam, og vere med og sikre julefeiringa di på sin måte.