Hopp til innhold

Desse kjem til dei nynorske festspela

Odd Norstoga og mange fleire kjem til årets nynorske festspel. Sjå full oversikt her.

Odd Norstoga

Odd Norstoga og broren Aasmund er berre to av mange kjende som kjem til dei nynorske festspela i juni.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Makt er temaet under dei nynorske festspela 2014, som går av stabelen frå 26. til 29. juni.

– Temaet Makt er inspirert av Grunnlova og vi stiller ein del spørsmål og ønskjer å opne opp for nye tankar som publikum kan ta med seg vidare, seier programansvarleg Karine Munch.

Helene Bøksle

Den kjende songaren Helene Bøksle kjem også for å underhalde publikumet under dei nynorske festspela.

Foto: Julia Naglestad / NRK

I år er det Agnes Ravatn som har fått den gjeve oppgåva som festspeldiktar. Ho får mellom anna selskap av Linda Eide, Einar Økland, Helene Bøksle, og Jon Hustad til årets festspel.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen vil snakke om Ivar Aasen og hans forhold til Grunnlova i årets minneforedrag, medan Linda Eide på si side har samla 200 års historie på to timar.

Arrangementet går som kjent av stabelen ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda.

Med grunnlovsjubileet som bakteppe

Gaute Øvereng

– Med grunnlovsjubileet som bakteppe, vil vi setje søkelys på samanhengen mellom språk og demokrati, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Foto: Dei nynorske festspela

Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i år arena for konsertar kvar kveld.

Brørne Aasmund og Odd Nordstoga gir publikum ei musikalsk oppleving torsdag, Helene Bøksle held konsert fredag og Kråkesølv spelar laurdag.

Under årets Aasen-stemne blir det nykomponert musikk av Odd Johan Overøye til tekstar av Arnfinn Haram i framsyninga «I førsommarens fang».

Fribyforfattar Mansur Rajih måtte flykte frå Jemen på grunn av innhaldet i tekstane sine og kjem til Festspela for å fortelje historia si i samtale med Brit Bildøen.

Språkforskar og forfattar Nicholas Ostler frå Foundation of Endangered Languages gir publikum eit internasjonalt perspektiv på språk i foredraget «The power of languages».

– Med grunnlovsjubileet som bakteppe, vil vi setje søkelys på samanhengen mellom språk og demokrati, både gjennom samtalar, foredrag og ei eiga temautstilling med tittelen Makta i språket, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Det fulle programmet for årets festspel kan du sjå her.

Uteamfiet i Aasentunet 2005

Dei nynorske festspela samlar mange frå fjern og nær, for å hylle nynorsken.

Foto: Nynorsk kultursentrum