Hopp til innhold

Desse kan vinne musikkprisen

Ti delfinalistar er med vidare i kampen for Musikkprisen. Elin Sofye Rabbevåg frå Ålesund er ein av dei.

Elin Sofye Rabbevåg

Elin Sofye Rabbevåg frå Ålesund er med i delfinalen til Musikkprisen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Musikkprisen har sidan 2008 vorte delt ut til band og artistar frå Møre og Romsdal. Tidlegare har blant anna Highasakite, Mikhael Paskalev og Dina Misund fått prisen. Kravet for å delta er at bandet må ha minst eitt fast medlem frå Møre og Romsdal og at ein har eigekomponert materiale.

Vinnaren vert kåra på Terminalen Byscene 29. april og får spele inn ei plate Ocean Sound Recordings. Vinnaren får også spele opningskonsert under Jugendfest på Color Line Stadion.

Desse er vidare i delfinalen:

  • Nora Konstanse
  • Amanda Tenfjord
  • Elin Sofye
  • Marre feat. URO
  • Chris Masters
  • Bohrsdagsbarna,
  • DRÖM
  • Ahead of the Curve
  • Long Lasting Train
Elin Sofye Rabbevåg frå Ålesund utdannar seg til musikkterapeut i Bergen. Sjå konserten i «Levande Lyd» her!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL