Hopp til innhold

Desse har mobillading på timeplanen

Mange av elevane på Spjelkavik ungdomsskole innrømmer at dei lader mobilen om natta. I dag fekk elevane undervisning frå eltilsynet.

Spjelkavik ungdomsskule

Elevane på Spjelkavik ungdomsskole fekk i dag gode råd for å unngå brann.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I kantina på Spjelkavik ungdomsskole brukar elevane friminuttet til å lade mobiltelefonane sine. Mange startar morgonen med fulle batteri, fordi dei har brukt natta til å lade. Kristina Tafjord er ei av dei.

– Eg gjer det fordi då har eg straum heile dagen, seier Tafjord. Ho er ikkje redd for at det skal byrje å brenne.

 Kristina Tafjord

Kristina Tafjord synest det er praktisk å vakne opp til fullt batteri på mobilen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ikkje lad i senga

Eltilsynet er ikkje like avslappa til nattlading som ungdomane. Dei reiser rundt på skulane og underviser elevane i korleis dei ikkje skal lade mobiltelefonane.

– Det viktigaste er å ikkje lade mobilar, ipader og pc-ar når du legg deg om kvelden. Helst bør ikkje ungdomane ha med seg dette inn på soverommet heller, seier Gunnar Hoel i Det lokale eltilsyn.

I klasserommet har han med seg utbrente ladarar og elektriske artiklar som elevane får sjå. Han viser også bilete og avisutklipp av brannar, for at ungdomane skal forstå alvoret.

Gunnar Hoel

Gunnar Hoel i Det norske eltilsyn meiner at ungdomane ikkje bør lade mobilen om natta.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

LES OGSÅ:

Sjeldan brann

Ifylgje brannvesenet starta 465 av 676 brannar i norske bygg på grunn av elektriske artiklar. Ei undersøking frå IF skadeforsikring, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Norsk brannvernsforeining viser at sju av ti nordmenn ladar mobilen om natta. Nesten alle unge mellom 15 og 29 år gjer det om natta. Brann i mobilladarar er sjeldan, men det skjer. Difor vil Hoel åtvare elevane.

– Eg trur dei forstår alvoret, seier Hoel.

Thomas Isaksen Klokk høyrer kva eksperten seier, men blir ikkje redd.

– Eg veit at det ikkje er lurt å lade om natta, men eg gjer det likevel, seier Klokk.