Hopp til innhold

Desse fryktar han mest

For aller første gong er AaFK med i europacupen. Kjetil Rekdal veit kven han ikkje vil møte.

Kjetil Rekdal

LOVER KAMP: AaFK-trenar Kjetil Rekdal håper på motstandarar som er passe kjende, men likevel mogeleg å slå.

Foto: Arne Flatin / NRK

For aller første gong er Aalesunds FK med i europacupen, og rundt klokka 13.30 fredag er det klart kven laget skal møte.

Ingen favorittmotstandar

Aalesund-trenar Kjetil Rekdal har ingen favorittmotstandar, men han er tydeleg på kva for lag han helst vil unngå.

- Ukjente lag fra Øst-Europa er verste sort. Ein veit ingenting om dei, men dei er ofte veldig gode, seier Rekdal.

Nokon spesiell draumemotstandar har han derimot ikkje.

- Det beste ville vere ein motstandar som ein har sjanse til å slå, men som samstundes er såpass kjent at me trekkjer full stadion.

- Skal forsvare norsk ære

Uansett motstandar har Rekdal ambisjonar for AaFK si aller første deltaking i europacupen.

- Når ein deltar i noko, prøver ein å kome lengst mogleg. Det er jo naturleg. Men me får sjå det litt an. Dersom me møter noko me kan slå, kjem me til å kjempe hardt. Dersom motstandaren er veldig sterk, må me vel håpe på eit mirakel.

Kjetil Rekdal er klar til kamp.

- Me gir oss ikkje utan sverdslag. Me skal forsvare den norske æra, og uansett kven me møter har me ikkje tapt på førehand, seier AaFK-trenaren.