NRK Meny
Normal

Desse blomane bør du pynte med i år

Julestjerne, juleglede, asalea, sviblar – enten har vi fått dei i hus eller så skjer det dei næraste dagane. Men korleis får ein juleblomane til å vare lengst mogleg?

Elisabeth Heiervang Eriksen

Elisabeth Heiervang Eikrem viser fram nokre av dei blomane som er mest populære til jul.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Juleblomster

Sviblar er for mange høgst nødvendig i jula. Andre held seg langt unna.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I år er det kongler som gjeld. Elisabeth Heiervang Eikrem, som driv blomsterforretning i Ålesund, har fleire plantar ho må ha før det blir jul. Men det er ikkje berre blomar som får ho i julestemning.

– Kongler er i tida. Dei er veldig dekorative, og ein kan gjere mykje forskjellig med dei. Mange legg konglene i glasbollar, medan andre legg dei på fat, seier Eikrem.

– Ta vare på blomane

For enkelte er svibelen eit must blant julepynten. Mange syns lukta er for sterk, og kan reagere på den, medan andre ikkje klarar seg utan.

Men korleis skal ein ta vare på denne vesle planten? Viss svibelen står for varmt kan levetida bli veldig kort. Difor er det lurt å la den stå kaldt, og halde igjen på vatnet.

– Då veks den seinare, seier Eikrem.

Enkelte plantar, slik som asaleaen, treng mykje vatn. Medan julestjerna og svibelen skal ha veldig lite. Difor meiner Eikrem at det er viktig å tenke på kva for plantar du sett i same krukke. Svibelen kan lett drukne saman med ein asalea.

Juleblomster

Denne buketten er kanskje ikkje som den tradisjonelle julepynten. Eikrem fortel at mange ønskjer å pynte med kvitt i jula.

Foto: Lena Høyberg / NRK