NRK Meny
Normal

Desse blir det stadig fleire av på vegane

Turistsesongen er godt i gong, og stadig fleire camping og bubilturistar tek turen ut på vegane i Møre og Romsdal.

Bobil

AUKE: Talet på camping og bubilturistar blir stadig fleire.

Foto: Rainer Prang / NRK

– Når det gjeld telt, camping- og bubilar så har vi hatt ei auke på om lag tjue prosent frå i fjor til i år, seier Ola Blakseth, innehavar på Bud camping i Romsdal.

Talet på camping- og bubilturistar i Noreg har hatt ei stabil auke dei siste åra, noko ei rask ringerunde til nokre av dei lokale campingplassane bekreftar.

Auke utover heile sesongen

– Lokale turistar aukar i sesongen frå påske til midte av juni, og so kjem det turistar frå andre stadar i Noreg og Europa, og så kjem dei lokale tilbake i slutten av sesongen, seier Blakseth.

Blakseth trur det er fleire ting som speler inn på auken i camping- og bubilturistane.

Knut Asle Goksøyr

ØKONOMI: Knut Asle Goksøyr trur betre økonomi er ein av grunnane til at det er fleire bubilturistar.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Eg trur økonomien til folk har blitt betre, samtidig som bilane har blitt betre. I tillegg trur eg fleire har skifta ut båten med bubilen, spesielt dei litt eldre.

Knut Asle Goksøyr, eigar og drivar av Goksøyr camping, har merka dei same tendensane. Han tykkjer auken i lokale turistar spesielt er positiv ettersom dei kjem både tidleg og seint i sesongen.

– På kveldstid er det som regel fullt her, men det må nesten vere slik når ein berre har nokre få månader til å få inn inntekta på, seier Goksøyr.

Fleire bubilar

Inger Setnes på Åndalsnes Camping og Motell fortel det same. I tillegg har dei merka ei klar auke i bubilturistar på vegane.

– Det blir stadig fleire bubilturistar enn campingturistar. Om lag to tredjedelar er bubilar, kanskje til og med litt meir. Dei blir ofte kortare enn campingvognene, men det er fleire av dei, seier Setnes.

Dei fleste turistane frå utlandet kjem frå Tyskland, Nederland, Finland, Spania, Italia og Russland.

Auken i bubilturistar er noko alle av campingplassane bekreftar.

– Ei helg hadde vi om lag 25 einingar der 23 av dei var bubilar, det seier litt om korleis utviklinga har vore, seier Jarl Skei dagleg leiar på Sunndal camping Brekkøya.

Dei har hatt ei stabil auke i besøkande sjølv om gjennomfartstrafikken ikkje lenger går forbi campingplassen.

– Vi har vore avhengig av å selje inn plassar på forland til kultur-, idrett- og sportsarrangement. Likevel har vi hatt ei formidabel auke, og vi forventar gode tal resten av sesongen, seier Skei.

Stadig større

Også hos Valldal Camping på Sunnmøre kan Mathilde Knutsen Sætre melde om fulle campingplassar. Dei har også merka ei anna utvikling, nemleg at campingvognene og bubilane ikkje berre blir fleire, men også stadig større.

– He he ja, dei veks og veks for kvart år, seier ho og ler.

– No er det meir som ei leilegheit eller hytte på hjul. Eg trur folk er meir opptatt av å ha fine vogner og bubilar, held ho fram.

Fleire av campingplassane er einige, også her er det økonomien som speler inn.

– Eg trur folk har mykje betre råd no, det kan vere kostbart å kjøpe desse store bubilane som berre blir nytta eit par månader i året, seier Skei.

– Det har verkeleg vore ei utvikling på innreiinga i desse bubilane. Det er rett og slett luksus på hjul, held han fram.

Du kan med andre ord by deg på å møte mange bubilar og campingvogner på vegane i Møre og Romsdal denne sommaren.