Hopp til innhold

Der alle får sommarjobb

Sommerbua i Aure formidlar sommarjobb til alle som vil ha.

Asbjørg Bakk Schanke

HAR FÅTT JOBB: Asbjørg Bakk Schanke (16) maler hus i sommar.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Aure kommune har skaffa sommarjobb til alle interesserte ungdommar mellom 16 og 20.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Det er kjekt å arbeide, og om sommaren har me ikkje så mykje anna å drive med uansett, seier Asbjørg Bakk Schanke (16).

Sommerjobb: telle kampesteiner

Sommerjobb som hippie

Har sommerjobb med hvalrossen

Maler og klipper gras

- Dei får oppdrag som maling og grasklipping, og dei kan jobbe maks 60 timar gjennom Sommerbua, fortel Anne Therese Skåden.

Den populære formidlingsordninga har eksistert i åtte år.

- Alle her i Aure kjenner godt til Sommerbua, seier Skåden.

Skal bere posten

Maren Ormset og Anne Therese Skåden

SOMMERBUA: Maren Ormset og Anne Therese Skåden.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Maren Ormset er ei av dei som har fått jobb gjennom denne formidlinga.

Ho skal bere posten i tre veker.

- Eg har vener som har jobba gjennom Sommerbua før. Eg kan jo ikkje berre få mamma og pappa til å støtte meg heile vegen, så det vert fint å tene eigne pengar, seier Ormset.

– Krev minst 110 kroner i timen