Hopp til innhold

Denne veka får fartssyndarar svi

Politiet varslar omfattande fartskontrollar denne veka. Og onsdag blir det maraton med fartsmåling heile døgnet.

UP frå Kristiansund, Jan Arild Hanssen og Leif Ragnar Hoseth

Over heile landet er det fokus på fart denne veka. Jan Arild Hanssen og Leif Ragnar Hoseth frå UP stoppa 14 bilførarar som køyrde for fort i Gjemnes

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politi i heile landet er ute med lasermålarane sine denne veka. Nokon synlege, andre gøymt i busker og kratt.

– Mange av verstingane som vi ynskjer å ta har varslingsutstyr. Då får vi ikkje tatt dei på ein slik type kontroll. Dei får vi stanse på andre måtar, seier politioverbetent Jan Arild Hanssen.

Han og kollega Leif Ragnar Hoseth står godt synleg i vegen på Bergsøya på Nordmøre med gule vestar. 14 bilførarar blir stoppa og får forenkla førelegg.

Også UP i Stavanger har hatt kontroll i dag. Der fekk ein 18-åring som hadde fått lappen i dag bot på 5000 kroner og seks prikkar.

Kontrollerer hovudvegane

– Vi er ikkje ute etter å ta flest mogleg, men vi går ut og seier at vi er ute på vegen. Vi håper at folk ikkje trakkar for hardt på gassen, seier UP-sjef Steven Hasseldal.

Han har ikkje oversikt over kor mange patruljar som er involvert denne veka, men det blir kontrollar på hovudvegane i landet, men også på ein del fylkesvegar.

Fartskontroll på Bergsøya i Gjemnes

Onsdag blir det maraton med fartskontroll heile døgnet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fartskontroll i 24 timar

Onsdag er det «Speed Marathon», der det blir fartskontrollar i eit heilt døgn saman med 23 andre land i Europa.

– Målet er å fokusere på kor viktig det er å halde fartsgrensa. Fart er ein av dei viktigaste årsakene til at folk blir drepne eller hardt skadd i trafikken, seier Hasseldal.

Nærare 40 prosent av dødsulykkene på norske vegar er relatert til fart.

Flest menn

I fjor blei 120 055 bilførarar tatt i fartskontroll og Hasseldal veit at ein god del kjem til å bli tatt dei neste dagane.

Steven Hasseldal, UP-sjef

UP-sjef, Steven Hasseldal, seier at fartskontrollar hjelp, fordi folk blir meir forsiktige etter at dei har blitt bøtelagde.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

– Verstingane er definitivt litt yngre menn, men det er ein del godt vaksne også som trakkar for hardt på gassen, seier Hasseldal

Han opplever at ungdommen har blitt flinkare enn dei var før.

– Vi hadde veldig mange alvorlege ulykker med unge menn tidlegare. No er det færre i den kategorien, seier UP-sjefen. Talet på dødsulykker har gått ned og i fjor var det rekordlavt med 93 drepne.

Pengane renn inn

Sjølv om ikkje målet er å bøtelegge flest mogleg, legg ikkje Hasseldal skjul på at det kjem inn ein god del pengar dei næraste dagane.

– Vi er ikkje så opptatt av inntekt til staten, men det er klart at det er ikkje tvil om at det er eit betydeleg inntektsgrunnlag for statskassen, seier Hasseldal.

For dei to politibetjentane på Nordmøre er det ein ny dag i morgon. Då kan det vere at dei tar kontrollen i sivile bilar for å ta dei som køyrer veldig fort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL