Hopp til innhold

Denne mannen kjenner du!

Han har ei av landets mest kjende radiorøyster. Torsdag kveld får folk sjå korleis han ser ut.

Denne mannen kjenner du!
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Folk har høyrt Nils Nordberg i NRK radio i ein mannsalder, men først no trer han ut på scena igjen. Det skjedde ein gong for 45 år sidan, då fann han ut at han ikkje ville bli skodespelar.

Nils Nordberg

Regissør Nils Nordberg går på scena.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Eg har vel blitt så gamal og dum at eg tør igjen. Eg trur eg skal klare det, det var rett og slett for freistande, seier den kjende radio-regissøren.

På scena i 8 dagar

I åtte dagar skal Nordberg spele "Solve Skald" i "Fru Guri av Edøy" på Smøla. Middelalderspelet foregår på øya Smøla på Nordmøre, og handlar mellom anna om sterke kvinner som kjempar mot makta. I 2010 er det 20 år sidan spelet blei framført for første gong, etter at Peggy Kristine Kruse skreiv eit tablå i samband med 800-års-jubileumet ti Edøy gamle kyrkje.

Les også:

- Som ein bestefar

Monica Aure spelar "Bergljot" i Gurispelet

Monica Aure syns Nils Nordberg er som ein bestefar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Monica Aure, som spelar "Bergljot" har allereie fått eit nært forhold til den kjende regissøren.

- Han er nesten som ein bestefar for meg. Han har lært meg å slå hjul og slikt, seier ho.

Norges fremste på krim


Nils Nordberg er landets fremste spesialist på krimlitteratur og instruktør i Radioteatret. Han er 68 år gamal og har sett opp over 120 høyrespel i NRK, dei fleste krim eller sience fiction-produksjonar.

Fornøgd regissør

Regissør Line Rosvoll og skodespelar Nils Nordberg

Regissør Line Rosvoll er godt fornøgd med skodespelaren Nils Nordberg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Regissør Line Rosvoll syns det er flott å ha med ein røynd radiomann.

- Det er stader der eg forsøkjer å dirigere tre hestar og 70 fotfolk og amatørar, då er det veldig greit å ha med nokon som kan gjere jobben sin utan at eg held dei i handa, seier Rosvoll.

Torsdag kveld er det premiere.