Hopp til innhold

Denne kan du sjå i natt, om du er heldig

For første gong sidan 1964 blir det superstor fullmåne og total måneformørking samtidig i Noreg. Men overskya vêr kan gjere det vanskeleg å sjå formørkinga i Møre og Romsdal.

Måneformørkelse

Ved total måneformørking blir månen farga raud. Dei raude delane av sollyset når fram til og blir reflektert frå månen, sjølv om jorda ligg i vegen. Fargenyansen avheng av kor mykje støv det er i jordatmosfæren.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Måneformørking

Oversikta frå Meteorologisk institutt viser sjansen for å sjå måneformørkinga ulike stadar i Noreg.

Foto: Meteorologisk institutt

Når supermåne og total måneformørking skjer samtidig kallast fenomenet litt uhøgtideleg for supermåneformørking.

Slike er det ikkje ofte ein ser i Noreg. Sist var i 1982, men den var ikkje like stor som den ein får sjå natt til måndag. Det kan dessverre bli vanskeleg å sjå den frå Møre og Romsdal.

– Det er litt varierande kor tjukt skydekket er, men det blir stort sett overskya og noko regn over heile fylket natt til måndag, seier meteorolog Arnstein Tjøstheim ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Best er sjansane for å sjå måneformørkinga sørvest i fylket, trur meteorologen.

– Vi har eit nedbørsområdet ute i Norskehavet som vil komme innover land og passera sørvest i fylket først. Der vil det truleg vere noko tynnare skydekke enn i nordaust, seier Tjøstheim.

Ikkje nødvendigvis vêravhengig

Men det er likevel håp for dei som ønskjer å sjå måneformørkinga i natt. Vêret er nemleg ikkje like avgjerande for å sjå formørkinga, som ved ei solformørking.

Måneformørkelse
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Ein måneformørking er mogleg å sjå sjølv med vekslande skydekke, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til NTB.

Den totale formørkinga av supermånen finn stad mellom klokka 04.11 og 05.24 natt til måndag. Og det skal altså vere mogleg å sjå den over heile Noreg, sjølv om det ikkje er heilt skyfritt.

Neste gong det blir mogleg å sjå måneformørkinga blir i 2033, men då kan ein ikkje sjå den frå Noreg.

Desse tidspunkta bør du merke deg om du skal ut og sjå:

  • Klokka 02.11 – starten på halvskuggen.
  • Klokka 03.07 – delvis formørking.
  • Klokka 04.11 – start total formørking.
  • Klokka 05.23 – slutt på total formørking.
  • Klokka 06.27 – slutt på delvis formørking.
  • Klokka 07.22 – slutt på halvskuggen.

Månen kjem til å ligge 17 grader over horisonten rundt klokka kvart på fem på morgonen. Rundt klokka halvt sju har den gått ned til sju grader over horisonten.

Har du eit håp om å sjå Jupiter er det viktig med fri horisont. Jupiter får du auge på i femtida, medan Venus kan du sjå allereie ein dryg time tidlegare.

Blodmåne

Ein supermåne er når fullmåne inntreffer medan månen er på det punktet i banen sin som er nærmast jorda, slik at månen ser større ut.

Total måneformørking opptrer når sola, jorda og månen ligg på linje og månen ligg heilt i skuggen av jorda, slik at det meste av sollyset ikkje når måneoverflata. Måneskiva blir likevel ikkje helt mørklagt.

Noko lys frå sola vil passere jordatmosfæren i bue og blir reflektert frå månen, som dermed får farge og blir alt frå grå og brunaktig, til oransje eller djup raud.

På grunn av dette kallast ein total måneformørking også «blodmåne», og fenomenet er opphav til mange mytar verda over.

– Mange har sett på forsvinning og farging av månen som eit varsel om fare og kaos. Inkaene i Sør-Amerika trudde månen blei slukt av ein jaguar, i Kina var det ein drage som var ute etter månen, medan det i norrøn mytologi var ein ulv. Det går igjen i fleire kulturer at menneska måtte skremme vekk udyra som angreip med lyd, seier science fiction-forfattar og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes til NTB.

Verdas undergang

Menneske verda over har knytt ulike ritual til blodmånar, for å beskytte seg, ifølge Illustrert Vitenskap. Felles for fleire er likevel trua på at månen ein dag vil gi tapt og bli slukt, og at det er byrjinga på verdas undergang.

K. J. R. Ødegaard

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard gler seg til å sjå måneformørkinga natt til måndag.

Foto: Studio Vest

I delar av jødedommen er det ei sterk tru på at fire blodmånar på rad, som også kjem samtidig med jødiske høgtider, er hint om ei komande omvelting for jødane. Måndagens måneformørking er nettopp ei slik. Den skal også vere teikn på at bibelens profetiar om verdas undergang snart går i oppfylling.

Men ikkje alle ser på måneformørkinga som noko farleg:

– Batammalibafolket i Vest-Afrika såg på den raude månen som eit teikn på at månen og sola kjempa og låg i strid. Det var folket si oppgåve å mekle mellom dei to, og dei utvikla ein skikk der dei møtte kvarandre ved totalformørking for å løyse konfliktar, seier Sannes.

Røed Ødegaard fryktar uansett ikkje månen måndag.

– Det blir mykje fascinerande å sjå. Alle fasane av formørkinga, korleis fargane endrar seg. Uranus blir synleg 15 grader øst for månen. Dei lyssterke planetane Venus, Jupiter og Mars vil bli endå meir synlege. Det er godt vi lever i ei tid kor vi kan nyte synet utan den unødige dramatikken og redselen for verdas undergang, seier han.

Created by InfoDispatcher

Sjå videoen frå solformørkinga i Kristiansund i mars 2015. Video: NRK/Roar Halten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL