Hopp til innhold

Sunnmørsk hekk er kåra til årets beste

Under Nor-Shipping messa fekk Ulstein Group prisen Next Generation Ship Award for hekkutforminga X-STERN.

X-STERN™ - VANN PRIS FOR NESTE GENERASJONS SKIP

Dette er skipet som vann prisen på konferansen Nor-Shipping i Lillestrøm.

Foto: Ulstein Group

Gunvor Ulstein

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Foto: Ulstein Group

Designen skal både få ned kostnadene og miljøkonsekvensane og auke tryggleiken. Innovative skipsdesign er hovudkriteria for å få denne utmerkinga.

– Innovasjon er kjernen av det vi gjer, og vi er svært takksame for å få ei slik påskjøning, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i ei pressemelding onsdag.

– Offshoreindustrien opplever no ei nedgangstid, og olje og gass vil ein gong ta slutt. Vi veit ikkje kva vi kjem til å leve av 50 år fram i tida, men vi veit at vi kjem til å levere smarte og berekraftige løysingar for framtida.

Innovativt skip

Ulstein Group mottar pris for årets skip

Her tar Tore Ulstein imot prisen på Nor-Shipping.

Foto: Ulstein Group

NHO-president, nestsjef og styreleder i Ulstein Group, Tore Ulstein, seier at innovasjon er å tenkje utanfor boksa og å utfordre aksepterte idear.

– Då vi lanserte X-BOW for ti år sidan, var det mange som kommenterte at baugen hadde ein uvanleg utsjånad, og mange tvilte på dei forbetra sjøeigenskapane. 100 X-BOW-ar seinare har skepsisen snudd til aksept, og fleire andre skipsdesignarar har utvikla sine eigne baugdesign.

Han fortel at X-STERN er ein innovasjon som er vidareutvikla frå tankegangen som forma X-BOW. Denne hekkløysinga oppfører seg mykje som ein X-BOW, ved å beskytte arbeidsdekket, redusere rørslene i transitt og auke komforten om bord.

Hekken har mindre volum, og dermed mindre utsett for vind, enn baugen, så kapteinen vil gjerne kome til å plassere hekken mot vêret når skipet har nådd destinasjonen.