Hopp til innhold

Denne gongen var det falsk alarm i Rindal

Det blei slått full alarm i Rindal tidleg i natt, då den automatiske brannalarmen i Rindal kirke blei kopa inn.

Rindal kirke

Alarmen gjekk ved Rindal kirke i natt, slik den gjorde det i september 2014.

Foto: John J. Storholt

Dei som fekk med seg utrykninga og kvar brannvesenet rykte ut, tenkte nok straks tilbake til ein haustdag i 2014.

Då var det og utrykning til Rindal kirke, og då blei det ein dramatisk bergingskamp.

Denne gongen blei det heile avslutta langt raskare, sjølv om brannmannskapa måtte tråle kyrkja frå øvst til nedst og i alle krokar for å avdekke ein eventuell brann.

Etter å ha gått gjennom kyrkja meter for meter kunne dei slå fast at det ikkje var brann, og at den automatiske alarmen truleg hadde blitt kopa til på grunn av ein teknisk feil.