Hopp til innhold

Import av eldre skal berge kommunen

Lokalpolitikar Nils Olav Moen vil lokke 70-åringar frå andre delar av landet til å busette seg i fråflyttingskommunen Vanylven. Kommunestyret banka gjennom forslaget.

Nils Olav Moen

Nils Olav Moen meiner eldre er god butikk og vil at fleire i 70-åra skal busette seg i Vanylven.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det regnar i strie straumar i sunnmørsbygda Fiskå i Vanylven og det er nærast folketomt i gatene. Vanylven er ein av kommunane i landet der eldrebølgen slår hardast til. 28 prosent av bebuarane er over 65 år og folketalet går nedover. Medisinen er å få endå fleire eldre til å busette seg her, meiner lokalpolitikar Nils Olav Moen.

– Eldre er god butikk. Eg meiner vi skal bli den beste eldrekommunen i landet, seier Moen.

Vil lokke 70-åringar

Moen er forretningsmann og lokalpolitikar i Helsepartiet. Kommunen har i årevis jobba for å snu fråflyttingstrenden og få ungdom til å flytte heim. Moens ide er stikk motsett.

Han ynskjer å lokke 70-åringar til Vanylven med topp moderne og billege bustader. Sjølv har han vore med å utvikle fleire slike bustadprosjekt. Ei ny funkisleilegheit i Fiskå kan koste under 3 millionar.

– Her er det halve prisen samanlikna med ein by. Er du då gjeldfri og har pengar på bok, kan du leve det gode livet her og nyte livet som pensjonist. Du kan fly til Syden og besøke barnebarn andre stader i landet, seier Moen.

Han meiner spreke pensjonistar betyr auka handel på butikkane. Når dei etter nokre år treng omsorg, vil det bety auka behov for helsepersonell. Med andre ord treng ein fleire sjukepleiarar som då kan kome flyttande med sine familiar.

Nils Olav Moen

Nils Olav Moen vil lokke eldre med nye og moderne bustader, som berre kostar halvparten av det det gjer i byane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Blir dyrt

Forslaget er heilt uvanleg, seier professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Lars-Erik Borge. Det mest effektive for å hindre fråflytting er å halde på ungdommen. Ikkje å hente fleire eldre, meiner han.

– På kort sikt kan det vere fornuftig å få fleire eldre til å flytte dit, men på lang sikt er det ikkje fornuftig. Utgiftene blir høge etter kvart som dei treng pleie, seier Borge. Sjølv om kommunen får auka overføringar frå staten til å drive eldreomsorg, er dette ein

Lars Erik Borge

Lars Erik Borge er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU.

Foto: NTNU

gjennomsnittskostnad.

Det kontroversielle forslaget vart samrøystes vedteke i kommunestyret, utan diskusjon.

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) forstår innvendingane, men ho meiner at alle innbyggjarar er verdifulle. Kommunen har sett i verk fleire tiltak retta mot unge og vil no også sjå på korleis eldre kan vere ein ressurs.

– Vi må snakke om korleis det skal bli lønsamt både for dei eldre og kommunen, seier Sande.

Karoline Lundås

Karoline Lundås er sjukepleiar ved Vanylven helse- og omsorgssenter.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Får dekt delar av studielånet

Sjukepleiar Karoline Lundås stortrivast med å jobbe med eldre. Ho flytta frå Molde då ho fann kjærleiken i Vanylven, som ligg fire timar og tre ferjeturar unna heimbyen.

30-åringen får dekt 28.000 kroner i året gjennom kommunen si ordning med refusjon av studielån.

– Det var ikkje avgjerande for å flytte hit, men det betyr litt for dei som er i tenkeboksen, seier Lundås. Ho meiner at det er bra om folk flyttar til kommunen og at alder er lite vesentleg.

Bjørn Wold sit i gangen utanfor det vesle kjøpesenteret Combisenteret og ventar på kona. Han bur i Selje og kan ikkje tenke seg å flytte til Vanylven.

– Eg har det så flott i Selje, så det er ikkje aktuelt, seier Wold.

Bjørn Wold

Bjørn Wold bur i Selje og kan ikkje tenker seg å flytte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Systera sa nei

Nede i fjøresteinane viser Nils Olav Moen fram sitt nyaste prosjekt. Tre luksushytter som han har bygt saman med ein barndomsven. Han er ikkje redd for store draumar. Draumen for Vanylven er å lokke 50 eldre til kommunen. Han starta med si eiga syster i Oslo, men har ikkje klart å overtale henne. Han forstår at det ikkje passar for alle, men har tru på at med god marknadsføring, skal det gå.

– Her er ein flott plass å bu og du vert ein del av samfunnet. Alle kjenner alle og legen kjenner deg. Du kan ikkje få noko betre plass å bli gamal på enn her, seier Moen.

Gata i Fiskå

Gatene i Fiskå er tomme denne regnfulle sommardagen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL