Hopp til innhold

Åtvarar mot å teste Lepsøybrua før den er ferdig

I 57 år har innbyggjarane på Nordøyane på Sunnmøre venta på denne brua. No er ho heil, men ikkje klar for bruk før om to år. – Det er farleg å bevege seg utpå, seier prosjektleiaren.

Lepsøybrua

Lepsøybrua har det lengste spennet på ei stålbru i Noreg på 155 meter. Brua er totalt 800 meter lang.

Foto: Bjørn Sunde / Møre og Romsdal fylkeskommune

I havgapet utanfor Ålesund ligg det fem øyer på rekke og rad. To ferjeruter og ein hurtigbåt er sett til å frakte øybuarane til fastlandet. Om to år skal dette bli erstatta med tunnel og bru.

Dei siste av dei sju stålelementa på den spektakulære Lepsøybrua er no løfta på plass.

Brua blir 800 meter lang, og er bygd i betong og stål. Kvart stålelement veg mellom 560 og 700 tonn. Lepsøybrua blir stålbrua med det lengste spennet i Noreg, på 155 meter.

Endeleg kom den siste biten på Lepsøybrua på plass.

Det var ein stor dag for alle som jobbar med bygginga av Nordøyvegen, torsdag.

Foto: Marianne Nærø / Møre og Romsdal fylkeskommune

Mykje arbeid som står att

Sjølv om stålelementa no er på plass, er det framleis mykje arbeid som står igjen før brua er ferdigstilt.

– Vi har mykje godt arbeid som vi skal gjere på brua framover, så dette vil vere eit anleggsområde ei lang tid, seier prosjektleiar Mariann Nærø.

Prosjektleder Marianne Nærø

Prosjektleiar Marianne Nærø åtvarar mot å gå ut på brua.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Ho åtvarar også nysgjerrige personar om å teste brua før den er ferdig.

– No er det farleg. Dette er eit anleggsområdet, og brua er ikkje sikra. Ho er heller ikkje ferdig, så her må ingen bevege seg utpå.

Lepsøybrua

Det var mykje finjustering som skulle til før stålelementet kunne settast på plass.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Stor glede

Gleda var stor då det siste stålelementet vart heist opp, både hos publikum og hos toppleiinga i Nordøyvegprosjektet.

– Dette er ei veldig stor dag. Eg er stolt, sa byggeleiar på Lepsøybrua Ragnhild Holen Relling.

Det var mykje fram og tilbake då den siste stålbiten skulle settast på plass, men byggeleiarane var ikkje bekymra for at noko skulle gå gale.

Byggelederne på Lepsøybroa

Det var tre veldig fornøgde byggeleiarar som så det siste stålelementet bli plassert. Frå venstre: Torbjørn Vatnehol, Marianne Næbø og Ragnhild Holen Reiling.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

– Dette er så godt berekna og målt, sa Reiling.

Vegen kjem 59 år etter første møte

Nordøyane blir dei fem øyane Harøya, Fjørtofta, Skuløy/Flemsøy, Haramsøy og Lepsøy kalla. Det har også gitt namnet til milliardprosjektet som skal gi dei fastlandsforbindelse, Nordøyvegen. Prislappen ligg på om lag 5 milliardar.

I 1963 vart dei første planane om ei bru frå Lepsøya til fastlandet kjent. I 2022 er det venta at vegen skal stå ferdig, men då med fleire tunnelar som utgjer Nordøyvegen.

Om det er rekord i lang planleggingstid er uvisst, men 59 år etter at den første planen vart lagt, vil øybuarane kunne køyre til fastlandet.