NRK Meny

Den vaksne har ansvaret

Ein 23 år gamal sunnmøring er dømt til fengsel i seks månader for å ha forgripe seg på ei 14 år gamal jente. På ein fest i vår forgreip han seg på jenta, etter at ho hadde drukke alkohol. Retten understrekar at det er den vaksne sitt ansvar å sette grenser. Mannen må betale 50 000 kroner i erstatning til jenta.