NRK Meny
Normal

Den store byttedagen

27. desember har tradisjonelt vore kjent som den store byttedagen. Fekk du noko til jul som du ikkje likte eller kanskje fekk du to av same sort?

Byttelapp

27. desember har tradisjonelt vore kjent som den store byttedagen. Forbrukarrådet anbefaler kundar om å vere tidleg ute med å bytte gåver.

Foto: Camilla Veka/NRK

Då er det fint å vite at handelsstanden i Norge er raus og lar deg få lov til å bytte. For du har eigentleg ikkje ein lovfesta rett til å bytte ei gåve når det ikkje er noko gale med vara.

– Bytteretten er det vi kallar ei sedvane. Det har blitt så vanleg at vi stort sett reknar med at det går greitt, men det er likevel ikkje ein rett du kan slå i bordet med, seier Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Sjekk byttefristen

Ifølgje Skogly er det likevel viktig å vere klar over at ulike vilkår kan gjelde for ulike butikkar. Det er nemleg opp til den enkelte butikk eller butikk-kjede kor lang byttefrist du får. Men det er ikkje alle salsstadar som gir byttelappar, og det kan difor kan det vere lurt å ta vare på kvittering eller kontoutskrift.

Ann Hege Skogly

Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet meiner det er viktig å undersøke kva vilkår som gjeld for dei ulike butikkane.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen / Forbrukerrådet

– Undersøk kva som gjelder for den butikken der vara er kjøpt. Det finst store variasjonar i forhold til byttefrist. Nokre varer må bytast med ein gong medan andre butikkar tilbyr ope kjøp slik at det er endå lettare å gå tilbake å bytte vara, seier ho.

Skal du bytte ei vare kan det vere lurt å ha med originalemballasjen, anbefaler Skogly.

– Seljar vil ofte krevje at vara er uskadd og så god som ny. Dette er viktig fordi butikken må kunne selje vara på nytt, seier ho.

Det er likevel ikkje alle varer som er like lett å bytte.

– Det er ikkje alltid mogleg å bytte undertøy eller varer som går ned i verdi når dei forlèt butikken, seier Skogly.

Tilgodelapp – eit godt alternativ

Alt håp er likevel ikkje ute dersom du har fått ei gåve som verken har byttelapp eller kvittering.

– Du kan alltids prøve å møte opp på butikken med eit stort smil og spørje pent, seier Skogly.

Ho påpeikar likevel at det er opp til den aktuelle butikken å avgjere om dei vil bytte vara eller ikkje.

Dersom du ønsker å bytte ei vare til noko dyrare enn den du leverer inn, kan du som regel gjere det ved å betale mellomlegg. Byter du derimot til noko billigare, vil seljar gi deg tilgodelapp for det resterande beløpet.

Skogly meiner ein tilgodelapp også kan vere eit godt alternativ dersom du ikkje finn noko du vil bytte gåva i.

– Men då må du sjølvsagt huske tilgodelappen og ikkje la den støve nede i ei skuff, seier ho.