Hopp til innhold

Den pensjonerte lensmannen ber om nye tips i Espås-saka

Den pensjonerte lensmannen Jens Arne Hessegjerde (72) ber no folk på nytt om tips etter drapet på Trude Espås. Måndag er det 20 år sidan ho blei drepen.

Jens Arne Hessegjerde

Jens Arne Hessegjerde gir ikkje opp håpet om at politiet kan klare å finne ut kven som drap Trude Espås i Geiranger for 20 år sidan.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Jens Arne Hessegjerde (72) gløymer ikkje Trude Espås som forsvann frå Geiranger 8. august 1996. Måndag er det 20 år sidan forsvinninga, og politiet veit framleis ikkje kven som står bak.

Trass i at han slutta i politiet for fleire år sidan ber han no via Facebook på nytt om tips i saka.

– Eg gjer dette rett og slett fordi det ligg sterkt i bakhovudet mitt at måndag er det 20 år sidan dette skjedde, seier Hessegjerde.

– Men politiet har jo bedt om tips mange, mange gongar. Trur du det vil føre fram når du no går ut på Facebook?

– Eg veit ikkje, eg har ei kjensle av at det kjem fram til veldig mange på denne måten. Det er alltid håp i hangande snøre. Det kan jo vere nokon som veit noko eller tenkjer noko, seier han.

Over 1000 delingar

Etterlyser Espås-tips via Facebook

Den tidlegare lensmannen i Stranda, Jens Arne Hessegjerde, seier han håper å nå svært mange med Facebook-posten sin. Dei siste timane har posten blitt delt over 1000 gongar.

Foto: Skjermdump

Innlegget blei publisert fredag kveld, laurdag ettermiddag er det delt over 1000 gongar. I innlegget skriv Hessegjerde at han arbeidde mykje med saka som lensmann i Stranda, og at det framleis ligg i bakhovudet.

Måndag er det 20 år sidan drapet, og den pensjonerte lensmannen skriv at det truleg vil medføre ein del medieomtale. Han håper det vil føre til nye tips, og ber alle som les innlegget hans, om å dele det.

Håpet er at det skal gje resultat.

– Eg har ikkje noko med det å gjere som yrkesaktiv lenger, men det ligg jo i meg likevel, og gjennom åra er det veldig mange som har ringt direkte til meg med tips, seier han.

Den mest omfattande drapsetterforskinga nokon gong

Trude Espås var sommarvikar på Hotel Union og blei sist sett på ein stein ved fjorden like ved sentrum om ettermiddagen 8. august. Etter 11 dagar blei ho funnen drepen, delvis gøymt under ein stein. Trass i den mest omfattande drapsetterforskinga i norsk kriminalhistorie blei den som sto bak aldri funnen.

Trude Espås

Trude Espås var sommarvikar i Geiranger då ho blei drepen 8. august 1996. Trass i omfattande etterforsking har ikkje politiet klart å finne ut kven som sto bak.

Foto: NTB scanpix

Politiet har avhøyrt over 3000 vitne, gått gjennom hårprøver frå hundrevis av menn, undersøkt tusenvis av bilde og elektroniske spor. Men ingenting har gitt resultat.

Før helga blei det kjent at politiet no ber Kripos om hjelp på nytt.

Les også:

– Stort engasjement

Hessegjerde er glad for at så mange har lest og delt innlegget hans, og meiner det seier noko om engasjementet hos vanlege folk for å løyse saka.

– Dette er ei sak som veldig mange veit om, og sikkert veldig mange er opptekne av skal bli løyst også, seier han.

Hessegjerde seier laurdag ettermiddag at han ikkje personleg har fått noko nye tips etter å ha lagt ut Facebook-innlegget.