Hopp til innhold

– Som å stå på 10-meteren klar til å hoppe

Anders Eriksson, den nye sjefen for Moldejazz, både gruar og gler seg til å ta over jobben som festivalsjef.

Avtroppande og påtroppande festivalsjef i Moldejazz

Påtroppande festivalsjef Anders Eriksson.

Foto: Per Tormod Nilsen (NTB/Scanpix) / Øyvind Arvola

I løpet av årets jazzfestival, har den påtroppande festivalsjefen vore på det han kalla for "solid vaksenopplæring" i festivalsystemet.

– Eg har stor respekt og god gamaldags audmjuke for det eg har opplevd.

Over 600 funksjonærar og frivillige er i sving under festivalen. Til saman utgjer desse eit stort apparat med mange ting som ikkje har med musikk å gjere. Mat, pengar, sikkerheit og informasjon må på plass så folk har det bra.

– Eg føler det er eit stort alvor, men samtidig er det ei stor glede og entusiasme. Det kriblar i magen, men samtidig føler eg det som om eg står på 10-meteren klar til å hoppe, fortel Eriksson.

Heim til jazzen

Kva har du fått oppleve til no?

– Mykje fin musikk, så har eg skjønt at moldensarane har eit sterkt eigarskapsforhold til denne festivalen. Det er Molde sin festival, så eg må gjere ein ordentleg jobb. Det er eit stort engasjement og det er fantastisk imponerande når folk kjem i tusental opp til Romsdalsmuseet etter at ein har hatt tre dagar med skyljebøtter med regn. Med sydvest og gummistøvlar kjem dei og lagar ein folkefest!

Eriksson byrjar i oktober – då må han syte for at Jazzfestivalen i Molde framleis blir ein festival både for ihuga jazztilhengarar og for folk flest.

– Det vert ei utfordring med stor fallhøgd, men eg gler meg.

Eriksson har tidlegare jobba mykje jobba mykje med jazz som musikar og produsent. Siste åra har han også jobba som prosjektleiar og med festspela i Nord-Noreg.

– Men det er ikkje ein jazzfestival, så det å kome heim til jazzen – det er stort!, smilar den påtroppande festivalsjefen.

Les også: – Eg skal fyrst lære, så ta over

Utfordringar i tida

Noverande festivalsjef, Jan Ove Otnes, seier at festivalen i år har krympa og blitt litt meir spissa. Er dette ei retning som du vil halde fram i?

Les også: Storfestivalen som krympet

– Vi har fått færre, men kanskje betre spelestader. så det er ei slags komprimering av festivalen. Eg synest retninga til Jan Ove er noko å følgje etter. Samtidig ser eg det såkalla knytepunktoppdraget – at ein samarbeider med andre festivalar i området. Det er noko eg har jobba med og som eg synest er viktig.

Eriksson trur elles mykje av hovudutfordringa for festivalen framover vil vere dei same som musikkbransjen slit med som heilskap.

– Ein må ta innover seg realitetane i tida. Det skjer mykje når det gjeld innspelt musikk. Platesalet går ned, og livemarknaden betyr meir og meir – også kommersielt. Dei store aktørane skal helst spele på stadion i Tyskland som tek 30 000 menneske. Kanskje dei tek ein tur til København, men å ta ein tur til Molde. nei, det ber seg ikkje økonomisk. Det er også slike utfordringar ein får midt i fleisen her når ein skal ha desse headlinarane.