NRK Meny
Normal

– Lokalmat er i vinden som aldri før

Den norske matfestivalen opna i Ålesund onsdag. Direktør for NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold, meiner at utviklinga for lokalprodusert mat går i rett veg, men at kundane må vere flinke til å spørje etter lokal mat.

Matfestivalen i Ålesund

Den norske matfestivalen opna i Ålesund onsdag.

Mange hadde samla seg i Ålesund sentrum onsdag.

– I optimismens ånd, og i matfestivalens ånd, som handlar om å gripe moglegheitene, er matfestivalen hermed opna.

Det sa direktør for NHO reiseliv og ålesundsjenta Kristin Krohn Devold, som fekk æra av å opne den 31. matfestivalen i Ålesund onsdag. Utstillarane kunne blant

Positiv utvikling for lokal mat

Den første landbruksdagen starta opp i 1984 og har sidan blitt eit årleg arrangement. Den norske matfestivalen arrangerast kvar august i Ålesund.

Kristin Krohn Devold

Direktør for NHO reiseliv Kristin Krohn Devold, fekk æra av å opne den 31. matfestivalen i Ålesund onsdag.

Foto: NRK

Krohn Devold var glad for å æra av å opne festivalen, og fortel at ho personleg brenn for lokalprodusert mat.

– Lokalmat er i vinden som aldri før. Det er morosamt å sjå at den norske befolkninga har blitt meir opptatt av lokal mat. Enten det gjeld øl eller ostesortar, så har vi nordmenn endeleg vakna. Mykje takka vere turistar som spør etter denne typen mat, seier ho.

Krohn Devold meiner at utviklinga for lokalprodusert mat går i rett retning.

– Det vert stadig meir lokalprodusert mat i butikkane og på restaurantane, og lokal mat og drikke blir stadig lettare å få tak i. Men det er viktig at folk er med å spør etter desse varene, seier ho.

Krevjande distribusjon

Roger Engeseth står bak Slogen mat frå Stranda og er ein av utstillarane under matfestivalen i Ålesund denne veka.

Han fortel at det har blitt lettare å selje inn varer og produkt hjå ulike salsstadar, men at det framleis er e

– Det å kome i gang, ha gode produkt og kome seg inn på marknaden kan vere vanskeleg. Ein må jobbe lenge for å få til ein avtale der ein leverer fast til butikkane, seier han.

Engeseth fortel at distribusjon er ein av dei største utfordringane deira.

– Vi leverer varene sjølv til butikkar her på Sunnmøre, men det krevjande er når varene skal lenger, seier han.

Krohn Devold trur at lokalmatprodusentane kan bli sterkare ved å samarbeide med kvarandre.

– Eg trur det er viktig å støtte opp om kvarandre og selje merkevara Sunnmøre. Men NHO reiseliv vil gjerne vere eit bindeledd mellom vore medlem, som er hotell og restaurantar, og lokal mat, så lokalmataktørane må gjerne kontakte oss for hjelp, seier ho.

Onsdag starta den 31.matfestivalen i Ålesund.