Hopp til innhold

Ei samla kyrkje ber regjeringa hente barn frå Moria

Alle biskopane i landet ber Erna Solberg om å hente foreldrelause barn og barnefamiliar frå Moria-leiren i Hellas til Noreg snarast råd. Regjeringa svarar nei.

Ingeborg Midttømme

HASTAR: Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, seier det hastar med å hente barna ut av Moria.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er biskopen i Møre, Ingeborg Midtømme, som har tatt initiativ til oppropet som alle biskopane i Noreg stiller seg bak. 19 tidlegare statsrådar har alt signert eit anna opprop der dei ber regjeringa om det same.

– Eg forventar at statsministeren kjem på banen og svarer på den massive oppfordringa ho som regjeringssjef no møter, seier Midttømme.

Har vore opptatt av Moria lenge

Ingeborg Midttømme seier biskopane såg Debatten på NRK1 om Moria tysdag, og blei deretter samde om ein tekst dei forfatta i fellesskap.

Også Noregs kristne råd, leiaren i mellomkyrkjeleg råd og kyrkjerådet støttar kravet.

I teksten står det mellom anna:

«Det hastar! Noreg må vera med på dugnaden med å ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesvos. Vi er takksame for og støttar oppfordringa frå 19 tidlegare statsrådar som ber Noreg om å vera med og ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesvos i Hellas»

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme.

Foto: Roar Strøm / NRK

Midttømme seier at ho har vore opptatt av forholda i Moria-leiren lenge, men at det no hastar ekstra mykje å gjere noko med situasjonen på grunn av koronapandemien.

– Det har vore varsla lenge at det er ekstremt trongt, og ekstremt dårlege sanitærforhold der. Hjelpeorganisasjonane har gjort det dei kan for å påpeike situasjonen, men dei har ikkje blitt høyrt. No er det like før det kan kome eit koronautbrot der også, med dei katastrofale følgjene det får, seier biskopen i Møre.

Må gjere meir

I oppropet til statsminister Erna Solberg skriv dei at det er bra at Noreg støttar og gir bistand til at Hellas kan handtere flyktningsituasjonen betre, men meiner samtidig at regjeringa må hente einslege barn og barnefamiliar til Noreg.

«Vi har nettopp feira påske der ein i kyrkja stansar ved Jesu kross. Gjennom dette minnest vi kyrkja si oppgåve til å kjenne att smerta og lidinga sitt ansikt lokalt og globalt. No påkallar ansikta til borna og dei einslege mindreårige i flyktningleiren i Moria oss. Dei treng medkjensle og solidaritet.»

En gutt i Morialeiren på Lesbos får en håndlaget ansiktsmaske av en hjelpeorganisasjon for beskytte seg mot koronaviruset

Ein gut i Moria-leiren på Lesvos får ei handlaga ansiktsmaske frå ein hjelpeorganisasjon for beskytte seg mot koronaviruset

Foto: MANOLIS LAGOUTARIS / AFP

Men det er også mange andre flyktningleirar med vanskelege forhold, kvifor fokuserer de då så sterkt på Moria-leiren?

– Fordi dette er ein leir som ligg i Europa, og Hellas ber den store børa på vegner av fellesskapet. Her i Noreg fekk vi oppleve korleis det var å få flyktningar over Storskog ein kort periode. I Hellas har dei det trykket heile tida. Dei treng vår hjelp slik at ikkje alt kollapsar, seier Midttømme.

Hjelpe der dei er

PK om koronasituasjonen i Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet

Justisminister Monica Mæland meiner det er betre å hjelpe flyktningane der dei er enn å hente enkelte til Noreg.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Biskopane får ikkje eit klart svar frå statsministeren personleg. Regjeringsjefen har peika ut justisminister Monica Mæland (H) til å svare på oppropet. Ho svarar at situasjonen i Moria er heilt forferdeleg og det same gjeld i mange andre flyktningleirar.

– Løysinga då er ikkje å hente ut nokre barn. Løysinga må vere å hjelpe menneske i ein fortvila situasjon og hjelpe flest mogleg. Det gjer vi der dei er, seier Mæland.

Regjeringa har også sagt at dersom ein skal flytte flyktningar, må det vere basert på felles løysingar i Europa. Det har ein enno ikkje lukkast å kome fram til.

– Akkurat i den situasjonen vi har med koronasmitte, seier mange land at det er uaktuelt å hente flyktningar over landegrensene, seier Mæland.